No mistar Hilmar (62) jobben for tredje gong

HØYANGER (NRK): I dag fekk 34 tilsette ved bilfelgprodusenten i Høyanger beskjeden om at dei mistar jobben. No står 62 år gamle Hilmar Lindskog nok ein gong utan jobb.

Hilmar Lindskog og Klaus Ludwig

MISTAR JOBBEN: Produksjonsleiar Hilmar Lindskog (t.v.) og Klaus Ludwig er to av dei som no mistar jobben ved felgfabrikken.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg har vore med på ein konkurs, ei nedbemanninga og no ei avvikling. Dette er tredje gongen eg mistar jobben i felgproduksjonen, seier han.

Lindskog jobbar som produksjonsleiar ved bilfelgprodusenten Saint Jean Wheels i Høyanger. Han har jobba i lokala sidan 1982.

– No er det slutt igjen. Det var tungt å få denne beskjeden i dag. Eg er litt oppi åra sjølv, og eg føler med dei yngre, seier han.

Saman med 33 andre tilsette står han utan jobb frå nyttår etter at bilfelgprodusenten Saint Jean Wheels legg ned i Høyanger og flyttar produksjonen til USA.

Årsaka til avgjerda er sviktande økonomi og manglande sal. Bedrifta har slite med sviktande inntekter og har tapt om lag 300 millionar kroner sidan 2010. No blir produksjonen flytta til USA og nærare den einaste kunden som er Chrysler.

Var ikkje uventa

Lindskog seier at det som har skjedd, ikkje kom heilt overraskande.

– Merkeleg no har eg venta litt på det denne gongen, men det er sjølvsagt trist at det er slutt.

– Er dette ei industrihistorie som no er over?

– Eg tvilar sterkt på at det blir ein fjerde gong med felgfabrikk. Men skulle det bli det, så er eg med om dei vil ha meg.

Han er optimist med tanke på å få seg ny jobb. Dei tilsette skal møte NAV på måndag.

– Eg har store forhåpningar, for eg er ikkje ein person som gir opp. Det er berre å gå laus og skaffe seg noko nytt.

Slutt etter 15 år

Også Assen Alekov som opphavleg kjem frå Bulgaria, må no sjå seg om etter anna arbeid.

– Det er ein trist dag på jobben, seier han medan han står og kontrollerer felgane.

Assen Alekov

SLUTT ETTER 15 ÅR: Assen Alekov seier det er ein trist dag.

Foto: Bård Siem / NRK

Alekov har jobba 15 år i produksjonen. Han veit ikkje korleis sjansane er for å få nytt arbeid.

– Det er tøff konkurranse, for dette er ei lita bygd, Men vi får sjå, eg får prøve over alt.

Sjølv om over 30 personar no mister jobben, er ordførar Petter Sortland optimistisk med tanke på å få dei tilbake i arbeid.

– Det vil bli eit møte med tilsette og Nav, samt at Nav vil vere til disposisjon for dei som treng hjelp. Det er rett å sei at resten av lokalt næringsliv gjer det bra for tida. Mitt håp er at storparten av dei 34 vil få seg nytt arbeid. Vi skal bruke våre kontaktar å gjere vårt beste for å hjelpe alle i denne situasjonen, sa han tidlegare i dag.