Hopp til innhold

Storbrannen kravde fleire hus enn ein trudde

Storbrannen i Lærdal har slukt fleire bygningar enn ein først rekna med. Totalt er 35 bygningar totalskadde etter brannen.

Branntomt i Lærdal.

RUINAR: Store delar av Lærdalsøyri ligg i ruinar etter storbrannen i helga.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det stadfestar ordførar Jan Geir Solheim (Sp) overfor NRK.no i morgontimane tysdag.

Tala er langt høgare enn dei offisielle 23 bygningane ein har gått ut med sidan søndag.

– Status no er 17 bustadhus, tre garasjar og nokre uthus som er totalt øydelagde. Så har vi 10–12 lagerbygg og andre bygningar. Og i alle fall to eldre, verdifulle bygg, seier ordføraren til NRK.no.

Mange har fått skade

Jan Geir Solheim, ordfører Lærdal

ORDFØRAR: Jan Geir Solheim (Sp).

I tillegg har fleire hus fått større og mindre skader av røyk og vatn. Tala er venta å stige dei næraste dagane.

Måndag kunne evakuerte som framleis har eit hus å returnere til, sleppe inn att i heimane sine. For mange av desse vart det eit trist syn.

– No byrjar folk å komme inn i husa, og då oppdagar ein skader ein har vore redde for. Sjølv om husa står, så har dei fått alvorlege skader inne, seier Solheim til NRK.no.

Fann golvet islagd

– Korleis har folk opplevd å komme heim att?

– Det er sjokk og vantru eigentleg. Alle har lyst til at det skal vere som det var då dei reiste. Eg høyrde historier i går og snakka med folk. Enkelte kjende kraftig røyklukt, nokre oppdaga ti cm is på golvet og folk som melde tilbake svak røyklukt men likevel ubebueleg. Må ha ekspertar inn for å vurdere.

(Artikkelen held fram under videoen)

Dronebilder fra Lærdal

SJÅ: Slik ser Lærdal ut etter storbrannen i helga.

Brann blussa opp

Situasjonen har roa seg etter dramatikken i Lærdal. Kring 400 personar vart evakuerte i brannen og 444 personar var til legesjekk. Av 48 personar innlagde på sjukehus, får seks personar framleis behandling på sjukehus.

Kring 175 personar fekk behandling for røykskadar etter det som starta med ein bustadbrann og som i kraftig vind eskalerte til eit inferno. Natt til tysdag blussa brannen opp att i terrenget langt vekke frå busetnad.

– Alt tilgjengeleg mannskap vart kalla ut. Brannen starta på andre sida av vegen for brannstasjonen, og det ulma også opp att i ein kompostleveringsstad i same området, seier Solheim.

Alle får hjelp

Kommunen har førebels ikkje full oversikt over kor mange som treng bustad etter storbrannen.

– Vi har eit eige team som arbeider med det, men har inga totaloversikt. Dei som har meldt behov, har fått det. Og med det tilbodet vi no har, så har vi overkapasitet, seier ordføraren.

Politiet er budd på ein krevjande jobb for å få svar på kvifor brannen starta og held i dag fram arbeidet med brannruinane.

Kripos sender fleire

Åge Løseth

HELD FRAM: Regionlensmann Åge Løseth seier nær 20 etterforskarar held fram arbeidet i ruinane tysdag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

To teknikarar frå Kripos er allereie inne i etterforskingsarbeidet. I dag kjem ytterlegare to frå politiet i Hordaland. På den taktiske sida har Kripos sendt to ekspertar, men ytterlegare tre er venta anten i dag eller i morgon.

Regionlensmann Åge Løseth seier at nær 20 etterforskarar blir tysdag involvert i arbeidet.

– I høve til det å finne viktige og avgjerande spor i branntomta, så er det vanskeleg. Det er heilt nedbrent der. Samstundes håpar å få viktige vitneobservasjonar som kan hjelpe oss vidare på vegen, seier han.

25 framleis utan straum

Sogn og Fjordane Energi opplyser tysdag morgon at 25 kundar framleis er utan straum i områda Vindedal, Erdal og Fodnes. Fodnestunnelen er også utan straum.

– Ein set inn ressursar på å få på plass ei permanent forenkla nettløysing som kan forsyne alle, i staden for vidare arbeid med aggregatløysing av siste kundane. Dette er venta realisert seinast i løpet av dagen, i utgangspunktet timar unna, opplyser nettdirektør Asgeir Aase.