Hopp til innhold

Arbeidsformannen såg arbeidsplassen bli slukt av flammane

Verdiar for fleire millionar kroner gjekk tapt då lokala til entreprenørverksemda E. Opedal & Sønner vart slukt av storbrannen i Lærdal.

Rolf Andersen hos E. Opedal & Sønner

FORMANN: Rolf Andersen såg laurdag arbeidsplassen sin gå opp i flammar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mellom fem og sju verksemder er råka av storbrannen i Lærdal. Arbeidsformann Rolf Andersen hos entreprenørverksemda Opedal & Sønner sat heime då brannen byrja å herje laurdag kveld.

– Vi har leigd her sidan 2009, så det er eit frykteleg trist syn å sjå arbeidsplassen sin slik, seier Andersen og ser på ruinane som står att.

Frykta eksplosjonar

Restane etter E. Opedal & Sønner

RESTAR: Til alt hell var vêret på fjellovergangane slik at det meste av Opedal & Sønner sitt maskineri var i bruk.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Nokre steinkast frå riksveg 5, og eit godt stykke frå huset der brannen starta, hadde Andersen og seks kollegaer sin arbeidsplass. Med god hjelp frå kraftig vind fann flammane fram.

Laurdag kveld kunne arbeidsformannen konstatere at det var nyttelaust å ta opp kampen mot flammane.

– Her hadde vi dekk og maskiner. Vi hadde bilar ståande på området. Eg frykta ting kunne eksplodere, fortel Andersen om.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lokala til E. Opedal & Sønner går opp i flammar

FULL FYR: Lokala til E. Opedal & Sønner blir slukt av flammane.

Foto: Ådne Einemo

Tapte millionar

Her starta brannen

AVSTAND: Brannen starta på andre sida av idrettsbana, men fann også vegen til Opedal & Sønner sine lokale.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Her hadde entreprenørverksemda avdelingskontor. Her parkerte dei maskinene sine, blanda salt til vintervedlikehaldet og lagra anna naudsynt utstyr til vedlikehaldsarbeidet.

På branntomta står det mellom att restane av eit par bilar og ein plog.

– Det har gått tapt nokre millionar her, men det kunne vore langt meir. Heldigvis var det meste av utstyret ute og i bruk, seier Andersen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Slik ser det ut på tomta der E. Opedal & Sønner hadde sine lokale i Lærdal.

RUINAR: Slik ser det ut i området der E. Opedal og Sønner hadde sine lokale. (Foto: Oddleif Løset/NRK)

30 arbeidsplassar

Med ansvar for vegvedlikehaldet i Indre Sogn, har Lærdal vore ein sentral stad å vere lokalisert for Opedal & Sønner. Her har dei hatt kort veg til det som er av fjellovergangar i regionen.

Svenn Egil Finden

LEIAR: Svenn Egil Finden er dagleg leiar i E. Opedal & Sønner.

Foto: E. Opedal & Sønner

Dagleg leiar Svenn Egil Finden seier han førebels ikkje har oversikt over kor store verdiar som har gått tapt i brannen. Maskinansvarleg er saman med forsikringsselskapet i gang med å kartlegge omfanget.

– Vi plar parkere det meste av brøyteutstyr og snøfresar der, men vêret på fjellovergangane gjorde at det meste var ute på vegane. Det stod att ein plog og ei saltblandemaskin. Det gjekk tapt, seier han.

– Berre bagatellar

Finden seier at brannen ikkje får konsekvensar for deira verksemd og bilistane vil heller ikkje merke at dei mista lokala sine på Lærdalsøyri.

Entreprenørverksemda har funne seg mellombelse lokale på Håbakken.

– Sett i samanheng med resten av det som har skjedd på Lærdalsøyri, så er nok dette berre bagatellar, seier Finden.