Etter at Olje- og energidepartementet tidleg i september heldt fast på at konsesjonsvedtaket for Ørskog–Fardal-lina var gjort på rett grunnlag, har det stått stille i Myklebustdalen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Statnett har via advokat kravd tilgang til området for å halde fram arbeidet med kraftlina gjennom ei sokalla tvangsfullbyrding. Det betyr at forhandlingar mellom Statnett og grunneigarane om ei minneleg løysing ikkje har ført fram. Dermed er det opp til Namsmannen å avgjere om det kan skje. Namsmann i Bremanger er lensmann Hans Rune Strandos.
– Namsmannen i Bremanger tok imot i slutten av september eit krav frå advokaten til Statnett om tilgang til området i Myklebustdalen der kraftlina skal gå, seier Strandos.
Stillstand sidan juni
Gulating lagmannsrett fann i juni at departementet sitt konsesjonsvedtak for Ørskog-Fardal-lina var basert på feil faktisk grunnlag. Statnett har sidan då ikkje kunne jobbe i Myklebustdalen. Til då hadde selskapet brukt mellom 75 og 100 millionar kroner i dalen.
Statnett varsla då Olje- og energidepartementet sa si endelege avgjerd i at dei ønskte å starte opp att arbeidet i Myklebustdalen så snart som råd.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Frist denne veka
Når Namsmannen blir kopla inn i saka er det fordi grunneigarane og Statnett ikkje har komme fram til ei avtale om kompensasjon, og at Statnett ønskjer å starte opp arbeidet før ei avtale er klar. Dette kan selskapet ha rett til med argument om at det er i samfunnets interesse.
– Kravet er sendt til grunneigarane og deira advokat. Fristen på å gje tilbakemelding på kravet er denne veka, så eg ventar tilbakemelding, seier Strandos.
Advokat for grunneigarane, Magne Revheim, har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar i dag.
(Saka held fram under bilete)
Vil få saka raskt handsama
Men namsmannen i Bremanger lovar rask sakshandsaming så snart tilbakemeldingsfristen er ute.
– Vi ved vårt kontor skal vi gjere vårt for å få saka raskt ut av verda. Vi snakkar ikkje om fleire veker.
Etter tilbakemelding frå grunneigarane kan det vere aktuelt for namsmannen å kalle inn til eit rettsmøte. Vedtaket til Namsmannen kan ankast vidare til Namsretten.