Hopp til innhold

Statnett ankar ikkje lagmannsretten sin dom – vil starte opp att arbeidet snarast

Statnett ankar ikkje dommen frå Gulating lagmannsrett som slo fast at konsesjonsvedtaket for den omstridde kraftlinja gjennom Myklebustdalen er feil. No vil Statnett starte opp att arbeidet så snart som råd.

Myklebustdalen

VIL STARTE OPP ATT BYGGING: Statnett ankar ikkje dommen frå Lagmannsretten. Dermed vil dei så snart som råd starte bygginga av kraftlinja i Bremanger.

Foto: Ivar Andreas Myklebust

– Statnett ønskjer ikkje å anke dommen frå Gulating lagmannsrett. Dommen seier ingenting om at det er feil å legge kraftlinja gjennom Myklebustdalen.

Gulating lagmannsrett fann i juni at departementet sitt konsesjonsvedtak for Ørskog-Fardal-lina var basert på feil faktisk grunnlag. Men tysdag konkluderte Olje- og energidepartementet med at det ikkje er grunnlag for å gjere om på konsesjonsvedtaket.

Olje- og energiminister Tord Lien sa også at alle grunneigarane langs dei aktuelle traséalternativa er blitt førehandsvarsla, og det er gjennomført ei høyring om det lagmannsretten skildra som feil i det faktiske avgjerdsgrunnlaget og moglege følgjer dette kunne ha for trasévalet i Bremanger.

Dommen blir ståande

Martha Hagerup Nilson

VIL STARTE OPP ATT: Kommunikasjonssjef Martha Hagerup Nilson i Statnett seier dei vil gå i dialog for å finne ei minneleg løysing.

Foto: Statnett

Dermed blir dommen frå Gulating lagmannsrett ståande, og Olje- og energidepartementet sitt vedtak blir avgjerande. Det gir Statnett grunnlag for å starte opp att byggearbeidet på linja.

– Vi vil tiltre eigedommane så snart som råd. Vi vil gå i dialog med grunneigarane for å få ei minneleg løysing, seier kommunikasjonssjef Martha Hagerup Nilson i Statnett.

Dersom grunneigarane motset seg ei slik avtale med Statnett, blir Namnsmannen kopla inn i saka og ein vil få tilgang til eigedommane via ei tvangsfullbyrding.

– Vi har komme til semje med rundt 1500 andre grunneigarar, så vi må vel finne ei løysing med dei 15 grunneigarane i Bremanger, seier Nilson.

– Overraska ikkje

Advokat for grunneigarane, Magne Revheim, er ikkje overraska over at Statnett lar dommen frå Lagmannsretten stå.

– At dei ikkje ankar, trur eg grunneigarane vil meine er positivt. På ei anna side kan det hevdast at dommen frå lagmannsretten ikkje var mogeleg å anke.

Advokaten seier det er opp til Statnett no å ta saka vidare.

– Kva som skjer er avhengig av kva Statnett kjem med slags utspel. Men som eg har sagt tidlegare, bør Statnett søke dialog med grunneigarane for å sjå kva mogelegheiter som er for å komme fram til ei minneleg løysing.

– Er grunneigarane positive til ei minneleg løysing?

– Grunneigarane har alltid vore positiv til ei minneleg løysing. Dei har hatt ein grei dialog med Statnett. Men det er eit spørsmål om kva løysingane går ut på. Det er det som er tema.

– Viss Statnett inviterer til dialog så stiller grunneigarane opp, seier Revheim.