Hopp til innhold

Statsministeren vil ikkje besøke Jølster: – Viktig at vi ikkje går i vegen for folk

FØRDE (NRK): Statsministeren vil ikkje besøke rasområda i Jølster no. Samtidig meiner ho det er viktig å ikkje klandre politiet for avgjerda om å opne vegen der ein bil vart teken av ras.

Statsminister Erna Solberg i Førde, 010819

VIL IKKJE GÅ I VEGEN: Statsminister Erna Solberg meiner det vil vere feil å besøke rasområda i Jølster no.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK

Torsdag kveld var statsminister Erna Solberg på besøk i Førde, der ho vart orientert om arbeidet i etterkant av rasa i Sogn og Fjordane tysdag. Ho vil ikkje besøke rasområda i Jølster sjølv, men lovar å halde tett kontakt med kommunen.

– Vi har hatt nokre større naturkatastrofar der vi har hatt tett kontakt med kommunane om både oppryddingsarbeidet og systema for bistand, seier ho.

Statsministeren meiner det ville vere feil å besøke området no.

– Når ein framleis leitar etter ein som ikkje er funnen, og det framleis er mange som er i ein situasjon der ein ikkje har funne gode løysingar, er det viktig for meg at vi ikkje går i vegen for folk.

– Vanskeleg situasjon

Tidlegare torsdag gjekk politiet ut og beklaga utfallet av avgjerda om å opne vegen på sørsida av Jølstravatnet, der ein bil vart teken av eit ras og ein mann er sakna. Solberg seier det er naturleg at politiet beklagar.

Erna Solberg, orientering om arbeidet etter ras

ORIENTERING: Statsministeren vart orientert om arbeidet i etterkant av uvêret tysdag.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK

– Samtidig er det viktig at vi også skjønar at når ein står i ein slik situasjon og prøvar å gjere det beste, kan det gjerast avgjerder som i etterkant viser seg å ha feil ved seg, seier ho.

Solberg legg til at det er viktig å ikkje klandre politiet.

– Dette var ein vanskeleg situasjon der ein prøvde å berge folk.

– Verst tenkeleg utfall

Mannen som vart teken i raset er mest truleg omkomen. Regionlensmann i Sunnfjord Dag Fiske seier dette er det verst tenkelege utfallet, og ei tragisk sak for dei pårørande.

Regionlensmann Dag Fiske i Sunnfjord
Foto: Ahmad Dean / NRK

– Avgjerda vart tatt der og då, og det vart gjort vurderingar. Det er ikkje vurderingane vi beklagar, men utfallet. Vi kan ikkje sjå vekk ifrå at vi ville gjort dei same vurderingane igjen i den situasjonen som var, seier han.

– Kvifor valte de å opne for trafikk?

– Det var for å få ut evakuerte og personar som ville ut av området på ein best mogleg måte.