Hopp til innhold

Får truleg aldri vite brannårsaka

Den dramatiske brannen gjorde ho og familien huslause. No slår politiet fast at dei neppe nokonsinne får vite svaret på kva som skjedde den natta i trehusområdet i Sogndalsfjøra.

Vibeke Johnsen måtte rømma frå brann 2. juli

INGEN SVAR: – Både for oss og andre hadde vore greitt å få vite eksakt kva som skjedde, men politiet har jobba grundig og lenge med etterforskinga, seier Vibeke Johnsen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ni månader etter brannen, står politiet framleis på bar bakke i etterforskinga av brannen i Sogndalsfjøra i fjor sommar.

– Det hadde vore greitt å få vite brannårsaka, men vi var samstundes budde på at vi kanskje aldri ville få svar, seier Vibeke Johnsen.

– Eit lite mysterium

Før påske fekk politiet svar på dei siste analyseprøvane etter brannen natt til 2. juli i fjor. Huset til Johnsen og familien hennar brann ned til grunnen.

Eit anna hus fekk store skader. Ingen personar vart skadde i brannen som fort kunne spreidd seg til fleire av nabohusa som ligg tett i tett i Sogndalsfjøra.

Utover at brannen starta utvendig, har ikkje politiet funne brannårsaka.

– Det er eit lite mysterium korleis brannen starta, seier politioverbetjent ved Sogndal og Leikanger lensmannskontor, Christian Algrøy.

Finn ikkje årsaka

Christian Algrøy utenfor gården i Sande.

ELEKTRISK: Dei siste analysane politiet fekk svar på galdt utvendige lys der politiet meiner brannen starta. – Analysane kunne ikkje gi eintydig konklusjon på årsaka til brannen, seier Christian Algrøy.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

Utan å finne brannårsaka, meiner politiet å vere ferdige med etterforskinga av brannen. Dei sender den no over til jurist som skal sjå om det er meir politiet kan gjere.

– Vi har avhøyrt ein del vitne, gjort tekniske undersøkingar på staden og jobba kontinuerleg med saka sidan brannen. Det var store skadar på brannstaden, og det gjer arbeidet meir omfattande og vanskeleg, seier Algrøy og legg til:

– No har vi også fått svar på dei tinga vi har sendt inn til undersøking. Vi står ikkje att med noko som kan gi klart svar på kvifor brannen starta.

– Var budde på det

Johnsen er glad for at ingen menneskeliv gjekk tapt i brannen. Og ho rosar politiet for ei grundig og god etterforsking.

Brann Sogndal

TOTALSKADD: Det Vibeke Johnsen og mannen trudde var kraftig regn på markisene, var knitring frå flammane på utsida av huset.

Foto: Øivind Emil Grønningsæter

Ut frå dei omfattande skadane er ho ikkje overraska over at politiet ikkje finn svar på branngåta. Ho vart tidleg orientert om at det kunne skje.

– Kring ti prosent av brannane blir ikkje oppklara. Huset var så utbrend og etterforskinga har teke så pass lang tid at vi forstod at denne brannen kunne vere ein av dei, seier Johnsen.

– Samstundes er det også viktig å få konstatert at det elektriske var i orden og at det ikkje er uforsiktig bruk av eld som er årsaka, avsluttar Johnsen.