Hopp til innhold

Joakim mista alt i storbrannen i Sogndal

– Alt er vekke, men det kunne gått verre. Det gjekk bra med alle menneska. Det er det viktigaste, seier Joakim Fossheim.

Joakim Fossheim

MISTA ALT: – Heldigvis var dei fleste på ferie, seier Joakim Fossheim og konstaterer at brannen i Sogndal kunne gått langt verre.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Jølstringen bur i eitt av husa som natt til søndag vart slukt av flammane. Sjølv var Joakim Fossheim på veg heim for å legge seg då han såg huset han bur i stå i full fyr.

– Vi budde fem studentar i huset. I det andre huset budde ein familie, seier han og peikar på rommet han sjølv hadde. Eller, der rommet var.

– Det er brent ned no, men du ser pipa, seier han.

– Har du mista mykje?

– Eg har mista alt. Veldig mykje klede og friluftsutstyr. Men det er berre materielle ting, så det er ikkje noko krise. Eg skal alltids klare å få nytt, seier han.

Jølstringen bur i eitt av husa som natt til søndag vart slukt av flammane. Sjølv var Joakim Fossheim på veg heim for å legge seg då han såg huset han bur i stå i full fyr.

VIDEO: Sjå video frå brannstaden i Sogndal.

Frykta ny Lærdalsbrann

Brannen vart meldt like før klokka 02 søndag. Meldinga var då at huset var overtent og at det var uvisst om det var folk i huset.

Bustadbrann i Sogndal.

TOTALSKADD: Flammane slukte to hus i Sogndal natt til søndag.

Foto: Arve Uglum / NRK

Brannmannskap frå Sogndal, Leikanger, Luster og Førde vart sendt til staden. I tillegg til naudetatane rykte også Røde Kors og Sivilforsvaret ut.

Brannen røykla store delar av sentrum og brannvesenet frykta lenge at brannen skulle spreie seg.

– Det er gamle trehus som står relativt tett og det bles, sa vaktleiar Jan Gunnar Holvik ved alarmsentralen i Florø.

Brannen spreidde seg til nok eitt hus. Med storbrannen i Lærdal friskt i minne, forstod Fossheim raskt potensial i brannen.

– Heldigvis var brannvesenet raskt på staden og fekk avgrensa til to hus. Det kunne gått så mykje verre, seier han.

14 evakuerte

Men brannmannskap jobba frå alle kantar med å få kontroll på flammane og kjøle ned nærliggande hus. I alt 14 personar vart evakuerte. Av desse pusta fem personar inn røyk og fekk behandling på staden for dette.

– Ingen måtte til sjukehus for behandling. Dei vart dimitterte på staden, seier operasjonsleiar Marianne Føleide ved Vest politidistrikt i Florø.

Det var tre personar i huset som byrja å brenne. Desse kom seg i tryggleik. Politiet opplyser at kriminalteknikarar truleg vil komme til Sogndal søndag føremiddag. Dei vil også gjere avhøyr i løpet av dagen.

– Kva kan de seie om brannårsaka?

– Det er for tidleg å seie. Det blir full etterforsking.

– Skal no ordne seg

I 03-tida melde brannmannskap at dei var byrja å få kontroll på brannen. Klokka 0342 melde mannskapet på plassen tilbake til alarmsentralen om at brannen var sløkt.

Då var det også klart at to hus vart totalskadde – og ni personar huslause.

– Dei driv no med etterkjøling og vil halde fram med ettersløkking utover morgonen, seier Holvik ved alarmsentralen.

– No er det å finne seg ein plass å sove, så får vi sjå kva det blir til. Vi har fått tilbod om ein plass å sove, så det skal no ordne seg for oss, seier Fossheim.