Vibeke Johnsen måtte rømma frå brann 2. juli

DRAMATISK SOMMAR: – Det er framleis uverkeleg at det som var heimen vår, ikkje lenger finst. Men me er jo heldige som er her, seier Vibeke Johnsen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Måtte rømma for livet i brannen i sommar

SOGNDAL (NRK): Vibeke Johnsen og familien mista alt i ein dramatisk brann i juli. No ventar ein hard valkamp for SV sin stortingskandidat i Sogn og Fjordane.

Val

– Dei som møter meg i debatt, skal møta fyrstekandidaten til SV – og ikkje ei som har opplevd brann.

Vibeke Johnsen stoppar ved politisperringane. SV-politikaren har gått opp mellom trehusa som ligg tett i tett i nedste Sogndalsfjøra og er tilbake utanfor eit nedbrent og svartsvidd hus, heimen som ho og ektemannen Leif Longvanes måtte rømma for livet ut av 2. juli.

Johnsen og familien mista alt i brannen, eit heilt liv i saker og ting. Sjølv grønkålen som blomstrar utanfor huset, må stå. Veksten blei godt skumma under brannsløkkinga i sommar, så Johnsen tek ikkje sjansen på å hausta noko meir av han.

– Me hadde planlagt ei reise til Hellas nokre dagar etter brannen. Den blei det sjølvsagt ikkje noko av. Men eg trur det hadde vore veldig annleis viss me hadde kome heim til eit nedbrent hus.

– Då hadde me truleg vore meir opptekne av kva me hadde mista. No hadde me nokre veldig dramatiske minuttar den natta. Det gjer at me opplever at me har berga livet, og då kjem alt det materielle i andre rekkje, fortel Johnsen.

Brannstigen

2. juli 2017: Det var natt til søndag, og ekteparet Johnsen/Longvanes hadde lagt seg. Om kvelden hadde dei sett på vasspreiaren for å vatna grønkålen og dei andre plantene i hagen.

Brått vakna Johnsen av det ho trudde var kraftig regn på markisa utanfor soveromsvindauget. Ho bad mannen gå ned og slå av spreiaren, for dei kunne jo ikkje halda på å vatna når det regna så mykje.

Brann Sogndal

OVERTENT: Berre kløkt og iherdig innsats frå brannfolka hindra at brannen i huset til Vibeke Johnsen og familien spreidde seg i den tettbygde trehusbebyggelsen i Sogndalsfjøra.

Foto: Øivind Emil Grønningsæter

Mannen gjekk ned. Etter kort tid ropte han opp til kona at ho måtte ut. Det var allereie blitt så kraftig røyk i gangen at Johnsen ikkje kunne koma seg ned trappa.

Det Johnsen trudde var kraftig regn, var knitringa frå flammane på hi sida av huset.

Røykvarslaren byrja å ula, og røyken var raskt i ferd med å fylla heile huset. Johnsen opna soveromsdøra nokre gonger og såg den svarte, giftige røyken koma imot. Gangen var sperra: Korleis skulle ho koma seg ut?

Johnsen konkluderte med at ho ikkje ville hoppa ut gjennom soveromsvindauget ned mot fjorden, for der var det høgt ned. Men på kvar av gavlveggane hadde dei brannstigar.

Brannstien redda livet

LIVSVIKTIG STIGE: - Når eg ser brannstigen no, tenkjer eg at han står her til, ikkje skrekk og åtvaring, men til inspirasjon: Viss du ikkje veit korleis du kjem deg ut av huset, må du syta for at du finn ut av det, seier Vibeke Johnsen

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Johnsen bestemte seg for å gå gjennom den tette, svarte røyken og inn på soverommet til sonen. Då ho opna vindauget, stod naboen og brølte: Du må koma deg ut; huset er overtent!

– Då klatra eg ned brannstigen, og den er eg veldig glad for at me hadde, at han var lett å bruka, og at eg hadde øvd meg på å ta ut låsemekanismen før, seier Johnsen.

Kvar var sonen?

Vibeke Johnsen og ektemannen var komne ut av det brennande huset utan fysiske mein. Men uroa var stor: Dottera budde i Bergen, men kvar var sonen?

Han hadde vore ute med vener denne sommarkvelden. Han pleidde å koma inn til foreldra når han var komen heim etter at dei hadde lagt seg, for å seia ifrå om at han var på plass.

Sonen hadde det soverommet som Johnsen hadde klatra ut frå, så ho visste at han ikkje var der. Men dei hadde jo bad i fyrste etasje, så han kunne ha vore der.

– Eg veit ikkje kor lenge eg hadde denne uroa. Eg hadde ikkje omgrep om tid denne natta.

Vibeke Johnsen

POSTKASSEN HENG FRAMLEIS: Vibeke Johnsen har flytta inn i ny leilegheit, men er fast bestemte på å byggja opp att heimen i Sogndalsfjøra. Det kan ta eit par år.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det viste seg at sonen vår då var på veg heim, og han og me hamna på kvar vår side av brannen, og det kan ha gått 15–20 minuttar før me møtte kvarandre og fekk vita at me var trygge alle tre.

– Korleis var det å sjå han?

– Eg får tårer i augo berre eg snakkar om dette.

– Når så gale skulle skje, er me berre så heldige at me er heile, utan fysiske skadar. Me tenkjer på det som skjedde, men har ingen psykiske plager. Så me har vore voldsomt heldige.

Valkampen

Berre vel ein månad etter den skilsetjande hendinga, står Vibeke Johnsen føre den største utfordringa i politikarlivet sitt, ein intens stortingsvalkamp - eit fem veker langt rotterace - som fyrstekandidat for Sosialistisk Venstreparti i Sogn og Fjordane.

– Det trur eg skal gå bra. Eg har allereie vore på Skjærgårdstreff i Askvoll, Malakoff i Eid og andre valarrangement. Me som er politiske konkurrentar, blir jo òg kollegaer. Dei har vore opptekne av korleis det går. Då kan eg seia at det går bra, og så kan me ta ein politisk debatt etterpå. Så eg er innstilt på å gjera ein god valkamp.

Brann i Sogndalsfjøra

UKJENT BRANNÅRSAK: Politiet etterforskar framleis brannen i Fjøregeili.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Blir politikk viktig etter det du og familien har opplevd?

– SV går til val på små skilnader mellom folk, og det er nettopp det eg har opplevd no. Eg har kjent på det å bu i eit tett og godt lokalsamfunn. Det å kjenna kvarandre og ha møtepunkt på tvers er avgjerande, og då blir små skilnader eit viktig politisk mål. Så difor - ja, politikk er viktig.

Varmen frå bygda

Vibeke Johnsen har gått ned frå branntomta og står utpå ei av bryggene som stikk ut i bukta. Johnsen er ein ivrig fjordsymjar, men sjøbada er ikkje heilt som før.

– Eg har reist ned hit for å bada av og til etter brannen, og då går det fint å gå ut i vatnet, men så blir eg litt på gråten når eg sym inn att og ser huset der oppe. Det har eg gjort så mange gonger, berre gått gjennom naustet og heim.

Men slik er det ikkje lenger. Det kvite trehuset i Fjøresmauet står svart og nedbrent. Familien har flytta inn i ei leilegheit på Kvåle ved Fosshaugane Campus, men er faste bestemte på å byggja opp att heimen i Sogndalsfjøra.

Vibeke Johnsen

NY SYKKEL: Vibeke Johnsen og familien mista alt dei eigde i brannen: - Me opplever at me har berga livet, og då kjem alt det materielle i andre rekkje.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I vekene etter brannen har Johnsen og familien kjent på ei stor takksemd for alle i Sogndal - kjende og ukjende, profesjonelle og frivillige - som har hjelpt dei og vist omsorg.

– Den natta var det ein fantastisk innsats frå brann- og hjelpemannskapa - brannfolka frå Sogn brann og redning, Sivilforsvaret, politiet, Raudekrossen og frivillige, så eg opplevde sogndalssamfunnet på sitt aller beste.

I ettertid har Johnsen mange gonger tenkt at dei er heldige som bur på ein liten stad. Det sa òg mora hennar som kom frå Trondheim, der òg dottera kjem frå, rett etter brannen.

Døma på varmen frå sogndalsbygda er mange:

– Det var folk som eg ikkje kjende, som kom bort og gav meg ein klem og sa dei var takksame for at det hadde gått så bra. Det var optikaren som opna butikken sin på søndagen, slik at mannen min, som ser ganske dårleg, fekk briller. Det var folk som kom med mat og lånte oss klede og utstyr.

– Det var Lise på Kafe Krydder som sa: «Her skal det serverast mat, og de skal ikkje betala nokon ting, for me er så glade for at de kjem inn hit att». Og det er mange - frå fjern og nær - som har vist og skrive på sosiale medium at dei tenkjer på oss. Så det har vore så mykje omsorg på så mange ulike måtar. Det har varma og gitt oss styrke til å gå laus på den jobben det er å laga ein kvardag att etter ei slik dramatisk natt.