Hopp til innhold

Stadig fleire nordmenn blir bitne av bi-basillen

Berre dei to siste åra har det blitt over 1600 nye birøktarar i Noreg.

Jonny Engebø i bigarden

EIN AV MANGE NYE: Jonny Engebø er ein av 1615 nyregistrerte birøktarar dei siste to åra. Her inspiserer han ei tavle for å sjå om biene har nok mat.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

To av dei som har fått ny bijobb er Jonny Engebø og Bjørn-Harald Haugsvær i Førde. Til vanleg jobbar dei med lotteritilsyns- og agronomadministrative spørsmål. På fritida summar dei rundt saman med tusenvis av nye husdyr.

Etter drygt to tiår med markant nedgang i talet på birøktarar, var det berre 2501 registrerte birøktarar i Noreg i 2011, det lågaste talet sidan krigen. Men deretter har interessa for birøkt atter vorte vekt for fullt. Berre dei siste to åra har det kome til 1615 nye birøktarar i landet.

– I større grad ein hobby enn før

– Vi byrja med bier i juli i fjor. Vi hadde lyst til å prøve noko som var litt nytt. Det var ein idé som kom til etter kvart, seier Jonny Engebø.

To bifolk

TO BIEFOLK: Frå utsida ser kuba vi inspiserte tyst og tagal ut, men inni kuba er det eit svært avansert samfunn og eit yrande liv. Menneska har alltid late seg fascinere av bier, og det må vere eit av få dyr vi kallar for folk, rett nok når det er snakk om heile biesamfunn.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

Dei har to bikubar i bigarden oppi eit skogholt i Førde, men har von om å røkte so godt at koloniane kan verte dobla til fire på sikt.

– Sidan eg og Bjørn-Harald er to om å styre med denne bigarden, vert det lettare, seier Engebø.

Birøkt er arbeidskrevjande, og å passe på at tusenvis av husdyrbier har det bra gjennom heile året, er eit stort ansvar.

Men for mange er det å sjå til biene, høyre dei suse ikring øyro, og fylgje med på deira daglege strev og stell, ei fin avkopling frå kvardagslivets dont.

Bier i flog på veg heim

PÅ VEG HEIM: Bier på veg heim etter å ha samla pollen til å fore larvane med. Larvane lyt ha protein. Ein ser gul pollen festa til beina til somme av biene. Når det er sumar, so kjem dei att med nektar i magen sin, til å lage honning av til å ete på fram imot neste sumar.

Foto: Jonny Engebø

– Norges birøktarlag glade

Trond Gjessing i Norges birøktarlag er veldig glad for at talet på birøktarar i Noreg har teke seg so kraftig opp dei seinaste åra, sjølv om dei fleste som har kome til driv i liten målestokk.

– Vi treng endå fleire birøktarar, både fordi vi treng meir norsk honning, og fordi biene gjer ein viktig jobb i å pollinere både i den ville naturen og ikkje minst i landbruket: Det er viktig at frukt, bær og oljevokstrar vert pollinerte, seier han.

Også Frode Ødegaard i Norsk institutt for naturforsking synest at birøkt er ein god ting.

– Vi bør kunne vere sjølvforsynte med honning, seier han.

Per i dag produserer norske birøktarar berre kring helvta av det totale volumet honning som vert konsumert i Noreg kvart år.

Jonny Engebø og biene

FINT TRIKS: Biene vert urolege når birøktaren opnar kuba. For alt dei veit, kan det vere ein bamse som vil plyndre honningen deira. Engebø dekker til halve kuba med eit kjøkenforklede, og biene under der roar seg ned.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

– Tambier og villbier

Likevel vil Ødegaard minne om at det ikkje er absolutt alle stader i landet det er like gunstig at det vert drive birøkt:

Frode Ødegaard

ÅTVARAR OGSÅ: Frode Ødegaard meiner birøkt er bra, men åtvarar mot birøkt visse stader, som til dømes i Halden. Der var det ikkje bra for den utryddingstruga raudknapp-sandbia å få konkurranse om det frå før av knappe pollen-matfatet

Foto: Arnstein Staverløkk / NINA

– Vi har over 200 typar villbier i landet, og ein tredjedel av dei er raudlista og utryddingstruga. Det er villbiene, og ikkje husdyrbiene, som er dei mest livsviktige pollinatorane vi har. Og det er dei som er i utryddingsfare, ikkje husdyrbiene, seier Ødegaard.

Han syner til at mange villbier fell frå i område med intensivt jordbruk og lite vill vegetasjon.