Hopp til innhold

Spente før avrøystinga, men ingen tør spå utfallet

Måndag kveld er folk i Sunnfjord sin dom klar. Vil dei at kommunen skal gå på friarferd til andre, eller vil dei at ting skal vere som det er? Ordførarane går ein spanande dag i møte.

Morten Askvik, Mathias Råheim og Frida melvær er alle spente før folkerøystinga.

SPENTE: Ordførarane er alle usikre på kva råd folke kjem med. Ingen av dei torer spå resultata av folkerøystingane som blir gjennomførte måndag.

Foto: NRK

– Eg er spent på resultatet og kor mange som vil ta del. Det er viktig at mange deltek slik at vi får eit klart mandat, seier ordførar i Hyllestad, Morten Askvik frå Senterpartiet.

Innbyggjarane i kommunen hans kan måndag gå til valurnene og seie sitt om kommunesamanslåing. Det same kan innbyggjarane i Naustdal, Gaular, Flora, Hyllestad og Askvoll gjere. I Solund, Fjaler og Førde vert innbyggjarundersøkingane presenterte i dag.

Folkeavstemminga om kommunesamanslåing (Sogn og Fjordane)

Trur på stor oppslutnad

Kva folket meiner kan du følgje med på direkte både i NRK P1 og på nett-TV frå klokka 20.00 måndag kveld. Verken i Hyllestad, Askvoll eller Gaular torer ordførarane tippe på kva utfallet av folkemeininga blir.

– Magekjensla? Nei, eg veit rett og slett ikkje. Interessa har teke seg opp dei siste dagane, og fredag var vi oppe i nær 200 førehandsrøyster, det er rimeleg bra. Det tyder på god oppslutnad, og det er viktig, seier Høgreordførar i Gaular, Mathias Råheim.

Mathias Råheim

SISTE: Blir Mathias Råheim den siste ordføraren det heng bilete av på veggen i rådhuset i Gaular kommune?

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det er partifellar i Høgre som saman med regjeringsfelle Framstegspartiet har stått i bresjen for kommunereforma, som dei håpar skal gje færre kommunar som yt betre tenester til innbyggjarane sine. Råheim har på si side ikkje vore like reformvenleg og har tvilt seg fram til eit ja.

– Nokon er i mot uansett, andre er for uansett. Dei har tydelegvis sett lyset på eit tidlegare tidspunkt enn vi andre har gjort, seier Råheim.

Håpar på klare råd

I kystkommunen Askvoll trippar også partifelle Frida Melvær litt av spenning. Ho håpar innbyggjarane, som kan velje mellom tre alternativ, kjem med eit klarare råd enn dei gjorde i innbyggjarundersøkinga som vart gjennomført i fjor haust. Då delte innbyggjarane seg nærast likt i tre.

– Eg forventar og håpar at vi skal få eit tydelege bilete på retning. Men magekjensla varierer frå dag til dag, seier Melvær.

Dei tre ordførarane er klare på at så mange som mogleg må seie si meining, for at politikarane skal få eit godt råd med på vegen vidare. Folkerøystingane er ikkje bindande, men rådgjevande, noko som betyr at det er kommunestyra som til sjuande og sist stakar ut kursen framover.

– Eg meiner vi må følgje råda så langt det går, men det er kommunestyret si plikt til å bestemme, seier Askvik.

– Eg håpar det blir eit klart for eller mot, og er veldig spent. Men verda går no vidare uansett om det blir ja eller nei, seier Råheim i Gaular.