Hopp til innhold

Sogndal grusa Bryne på heimebane med solid laginnsats

– Det er laginnsatsen som imponerer, seier trenar Eirik Bakke. Sogndal er framleis på tabelltoppen i 1. divisjon.

Mahatma Otoo

JOBBA HARDT: Mahatma Otoo jobba hardt og fekk løn for strevet. Sogndal sikra nok ein siger på bortebane (arkivbilete).

Foto: Morten Olsen / Digitalsport

Sogndal slo Bryne 2 – 0 på heimebane i den 8. serierunden onsdag kveld. Dermed held dei tabelltoppen fram mot neste kamp som er mot Ranheim laurdag.

– Vi spelar ein solid førsteomgang og har ein voldsam arbeidsinnsats. Så vi vinn fullt fortent, seier trenar Erik Bakke.

Solid laginnsats

Han vil ikkje trekke fram enkeltprestasjonar men understrekar at han er mektig stolt over laginnsatsen.

– Så er det kjekt at Mahatma som har jobba hardt blir lønna med mål, seier Bakke.

Det var Mahatma Otoo som stod for første nettkjenning, etter å ha finta ut bryne-målvakta. Lars Christian Kjemhus sikra Sogndal 2 – 0 leiing like før pause.

– Det er sterkt det vi gjer. Før pause har Bryne eitt skot på mål. Så vi er grunnsolide, og det er eg fornøgd med, seier Bakke.

I morgon går turen heim til Sogndal med fly slik at laget er best mogeleg restituert og klare for kamp mot Ranheim laurdag for å unngå ein smell lik tapet mot Levanger.

– Vi må møte godt førebudde. Det blir ein heilt annan kamp.

Varslar endringar i lagoppstillinga

Til kampen mot Bryne vart målscorarane i førre kamp sette på benken. Mot trønderlaget varslar Bakke at det blir endringar også laurdag.

– Det blir nok nokre endringar då og. Vi bytte inn friske bein til denne kampen, så vi gjer nok nokre endringar til Ranheim-kampen. Nokre har kvilt slik at dei kan komme sterkare tilbake då.

Bakke seier laget skal nyte sigeren onsdag, men at det er viktig å nullstille seg til kampen mot Ranheim. At Sogndal tronar på tabelltoppen er mindre viktig, seier Bakke.

– Det er hyggeleg, men betyr ingenting. Vi må berre ha fokus på kampane, ta mest mogeleg poeng og ta med oss det beste vidare.