Hopp til innhold

Sogndal tapte mot svakt plasserte Levanger

SOGNDAL - LEVANGER 1-3 (NRK): Sogndal fekk ein tøff start på kampen mot Levanger. Og det skulle ikkje bli betre...

Mahatma Otoo
Foto: Steinar Lote / NRK

Sogndal har ved fleire høve slite med å komme i gang med kampane denne sesongen. Så også mot Levanger. Svakt plasserte trønderar tok kommande frå start på Fosshaugane.

To mål i løpet av første omgang gjorde at det stod 0-2 til pause. Levanger gjekk opp til 0-3 etter kvilen, før Sogndal reduserte ved Petter Strand.

– Det har vore ein kriseomgang. Altfor dårleg. No må vi gå i oss sjølve og reise oss. Kampen er ikkje over, sa spelarutviklar Marius Bøe i pausen.

NRK kjem tilbake med meir. Sjå kampreferat under liveboksen.

Laster innhold, vennligst vent..

Sogndal svake i heile første omgang

6 minutt, 0-1: Allereie etter seks minutts spel glapp det for Sogndal-forsvaret. Levanger fekk fritt spelerom, og Bendik Bye kom seg lett gjennom før han utmanøvrerte Sukke i buret.

9 min: Sogndal prøver å utlikne. Eit innleggg frå Grodås fann Otoo inne i feltet, men headinga gjekk over mål.

19 min: Petter Strand farleg frampå for Sogndal frå 18 meter. Skotet gjekk over etter å ha gått via ein Levanger-spelar. Corneren vart det ingenting ut av.

Petter Strand skyt like utanfor
Foto: Steinar Lote / NRK

22 min: Robin Shroot kjem inn for Kristian Fardal Opseth. Sogningen tok seg til baksida av låret etter ei takling. Kan vere strekk.

26 min, 0-2: Ørjan Hopen slår presist inn frå venstrekanten. Inne i feltet dukkar Lars Emil Flakk opp. Han kastar seg ned og får styrt ballen i mål med hovudet.

37 min: Ulrik Flo legg inn til Mahatma Otoo, som frå skrått hald headar like utanfor mål.

45 min: Bendik Bye kom til skot igjen. Frå hjørnet av 16-meteren gjekk ballen like utanfor stolperota.

Stilling til pause: 0-2. Sogndal har vore frykteleg svake. Spelarane verka uinteresserte, medan Levanger gjennomførte ein taktisk smart omgang.

Slik spelte laga i andre omgang

50 min: Robin Shroot kjem til skot frå 16 meter, men treff ikkje mål. Sogndal har starta omgangen langt betre enn den første. Ein heilt annan glød og tæl no.

52 min: Lars Emil Flakk får stå åleine på hjørnet av 16-meteren og skyte. Heldigvis for Sogndal går ballen ein meter til side for mål.

56 min, 0-3: Levanger rullar opp Sogndal-forsvaret på høgresida. Går som ein kniv gjennom varmt smør, ned til sidelinja og legg 45 grader inn i midten. Der kjem Bendik Bye og breisidar ballen i mål.

58 min, 1-3: Petter Strand fyrer av frå 15 meter. Ballen sit klistra i nota bak keeper Ola Rygg! Tenner håp i publikum.

Sogndal jublar for scoring
Foto: Steinar Lote / NRK

63 min: Robin Shroot får fulltreff på eit frispark frå 17 meter. Skotet går i stolpen og ut etter å ha vore borti ein Levanger-spelar. Corneren enda i ny corner, som enda resultatlaus.

64 min: Fredrik Flo kjem inn for Rune Bolseth. Ein ny Floar får altså sin seriedebut for Sogndal.

68 min: Petter Strand prøver seg på ein lobb på spiss vinkel. Ballen endar på nettaket.

70 min: Fredrik Flo kjem gjennom på ein stikkar og skyt i lengste hjørnet. Keeper har små problem med å redde skotet.

72 min: Ørjan Hopen blir byta ut på si gamle heimebane. Får applaus frå publikum etter ein god kamp.

79 min: Jim Johansen kjem inn for Hannu Patronen. Offensivt byte frå Eirik Bakke. Sogndal pressar, men Levanger er farlege på kontringar.

Det er 2085 betalande tilskodarar på Fosshaugane.

90 min: Kampen ebba ut på 1-3. Sogndal var aldri i nærleiken av å ta tre poeng i eit oppgjer der ein ikkje skulle tru det var topp mot botn ute på bana. Trønderane tok sin første siger for året.

Spelarane vart møtt av tendensar til piping frå publikum då dommaren bles av kampen.

Før kampen sa trenar Eirik Bakke at Sogndal skulle kontrollere oppgjeret på heimebane. Sjå videointervjuet her:

Eirik Bakke før kampen mellom Sogndal og Levanger