Hopp til innhold

Har fått toppscoraren tilbake etter skade

Mahatma Otoo og Lars Christian Kjemhus sette inn måla som gjer at Sogndal vann 2-0 borte mot Bryne.

Kristian Fardal Opseth i duell med forsvaret

GOD START: Kristian Fardal Opseth fekk ein pangstart på sesongen med tre mål på dei fem kampane før han vart skadd.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Sogndal er dermed i leiinga åleine med 17 poeng, sidan Hødd berre greidde uavgjort 0-0 mot Levanger og står med 15 poeng.

Kristian Fardal Opseth har stått over dei tre siste kampane for Sogndal på grunn av skade. Mot Bryne er han klar igjen – og håpar å forsvare posisjonen som toppscorar.

– Det er alltid kjedeleg å vere skadd, så det er kjekt å vere tilbake. Men eg tvilar vel på at eg får starte, seier Kristian Fardal Opseth.

Berre 20 minutt ut i den nitriste 0-3-kampen mot Levanger, måtte spissen ut med skade. Ein strekk i setemuskulaturen sette Fardal Opseth på sidelinja i tre kampar.

No er han med i troppen til bortekampen mot Bryne onsdag kveld.

Starta sesongen med tre mål på fem kampar

Det var lenge usikkert om Opseth ville bli klar til kampen, men ifølgje 25-åringen sjølv kjenner han ikkje lenger noko til skaden. Det er godt nytt for Sogndal, som er inne i ein svært hektisk kampperiode.

– Eg reknar med at eg startar på benken, ettersom eg har vore ute ei stund. Eg har heller ikkje fått trent skikkeleg med laget, då det er så mange kampar no, seier han.

På dei fem første kampane banka sogningen inn tre mål, og han er med det framleis toppscorar for Sogndal så langt denne sesongen.

Kristian Fardal Opseth skårar frå 60 meter hald i kampen mot Hønefoss

KJEMPEMÅL: Denne fulltreffaren fekk Kristian Fardal Opseth heime mot Hønefoss. Den er vel verdt å sjå i reprise.

– Er ekstra viktig å vinne mot folk ein kjenner

Saman med fleire andre på Sogndal møter han gamle kjende når Bryne står på motsett banehalvdel i kveld. Både trenar Ole Hjelmhaug og spisskollega Oddbjørn Skartun har lang fartstid i moderklubben i saftbygda.

– Tre poeng er viktig, men eg trur det blir ein tøff kamp. Dei er nok gira på å slå oss – og det er alltid ekstra viktig å vinne mot folk ein kjenner godt, smiler Fardal Opseth.

Sogndal slo Åsane 3–0 etter scoringar av Jim Johansen (2) og Robin Shroot i førre serierunde. Sogningane er no serieleiarar framfor Hødd og Brann. Bryne ligg på niandeplass på tabellen.

Sogndal stiller med desse 11 frå start:

Stefan Hagerup, Taijo Teniste, Hannu Patronen, Christophe Psyché, Victor Grodås, Petter Strand, Rune Bolseth, Babacar Sarr, Lars Christian Kjemhus, Ulrik Flo, Mahatma Otoo.

Benken: Kristian Rutlin, Jim Johansen, Robin Shroot, Bjørn Inge Utvik, Kristian Fardal Opseth.