Hopp til innhold

Solheim endeleg tilbake på fotballbana

Til helga håpar Mats Solheim (28) å få sesongens første minutt i Allsvenskan. Stryningen er endeleg tilbake etter skaden i mars.

Mats Solheim

KLAR: Mats Solheim er «fit for fight» igjen for Hammarby. – Eg er berre nøgd med at eg får halde fram med å spele fotball, og glad for alt eg får vere med på, seier 28-åringen som har halvanna år att av kontrakten med svenskane.

Foto: Privat

– Det var kjekt å spele fotball att. Det er ei stund sidan sist. Det er mentalt tøft å sitje på sidelinja å berre sjå på, seier Mats Solheim.

Spelte 65 minuttar

Denne veka spelte stryningen fekk stryningen sine første minutt på fotballbana etter at det i mars vart oppdaga ein bruskskade i eine kneet . Kampen med U21-laget mot Djurgården enda 0–0. Solheim spelte 65 minuttar.

Viktigast var det at forsvarsspelaren ikkje kjende noko til skaden i kneet.

– Det handlar om å komme i form att og kjenne at ting fungerer som det skal igjen. Det handlar også om å komme seg inn i duellar og kjenne at også det fungerer, seier 28-åringen.

Vurderte operasjon

Korleis skaden oppstod er det ingen som veit, men faktum er det likevel ingen tvil om. Etter tre-fire månader oppkøyring og ein cupkamp, måtte den tidlegare Sogndal-spelaren finne seg i å følgje kampane frå tribunen.

Laster innhold, vennligst vent..

Skaden trengde kvile eller operasjon. Spelar og klubb prøvde det første først. Ein operasjon ville sett han lenger ut av spel.

– Eg har gjort jobben eg fekk beskjed om å gjere, og det verkar for å ha fungert veldig bra. No får vi sjå framover korleis det utviklar seg og blir. Eg håpar eg får vere med resten av haustsesongen, seier Solheim.

– Er skaden heilt restituert?

– Det kjennest bra ut, men eg må nok vere budd på at eg har litt mindre brusk på ein liten plass i kneet. Det kan vanskeleg gro når eg driv med fotball på full tid. Skaden er så bra den kan vere, og det fungerer.

Derby til helga

Frå sidelinja har Solheim sett lagkameratane levere ein sesong noko under pari. Laget er på 14. plass i Allsvenskan – ein plass som, dersom dei held den ut sesongen, betyr at dei må ut i kvalifisering for å halde plassen på øvste nivå.

Til helga er det duka for Stockholm-derby mot AIK. Solheim, som sat på benken i førre runde mot Falkenberg, håpar på speleminutt.

– Det blir uansett opp til ein trenar å avgjere. No er eg berre glad for å vere tilbake og får vere med litt. Eg må berre ta moglegheita om eg får den, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..