Hopp til innhold

Spelte vidare etter at kneet kollapsa - 15 minutt etter fall han saman

Ikkje lenge før sesongstart for sin nye svenske klubb, gjekk Mats Solheim ned for teljing i treningskampen mot AIK.

Mats Solheim

SESONGEN SPOLERT: Mats Solheim førebur seg på at sesongen går i vasken, etter at han fekk ein korsbandsskade i kamp for Kalmar.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er jo forferdeleg at det skulle skje no, men det er mange som har vore gjennom dette før meg, seier Mats Solheim.

Etter å ha hatt ein god sesong med Sogndal i fjor, vart Solheim sist haust klar for spel i Allsvenskan med Kalmar. Men no tyder mykje på at han må vente lenge på debuten i den svenske toppserien.

For laurdagens treningskamp mellom Kalmar og AIK enda med at Mats Solheim måtte ut av bana på båre.

Kneet kollapsa – spelte vidare

Tidleg i kampen fekk Solheim eit kne i muskulaturen like over det eine kneet, noko han berre jogga av seg. Ti minutt seinare kollapsa kneet første gong.

– Det gjorde ikkje vondt, så eg bestemte meg for å spele vidare. Etter nye 15 minutt kollapsa kneet igjen, og då gjorde det veldig vondt, fortel 24-åringen.

På veg ut av bana på båre forstod han ganske raskt at store delar av sesongen ville vere spolert.

Tenkjer fram mot neste sesong

Solheim har spelt alle treningskampane for Kalmar så langt i vinter, og han har etter rapportane gjort sine saker svært bra.

No må han innstille seg på å komme sterkare tilbake om eitt år.

– Legane håpte i det lengste at det berre var ein skade i menisken, men no ser det ut for at det er korsbandet – og det er ikkje positivt. Nye undersøkingar vil vise om dei vil gjere inngrep. Då vil heile sesongen vere over for meg, seier Solheim.

24-åringen frå Loen kom frå Stryn til Sogndal i 2006. Totalt spelte han 164 kampar for sogningane, før han vart klar for proffeventyr i Kalmar.

– No må eg berre tenkje positivt. Det kjem ein sesong neste år også, seier Solheim.