Hopp til innhold

Solheim kan få debuten allereie til helga

Klubbar i Danmark, USA og Noreg viste interesse, men det var i «norske» Hammarby Mats Solheim enda.

Mats Solheim

NY KLUBB: Det gjekk fort i svingane då Mats Solheim vart klar for svenske Hammarby tysdag. – I byrjinga må målet vere å etablere seg i Allsvenskan, seier han om klubben sin målsetjing.

Foto: Patric Söderström / SCANPIX / SCANPIX SWEDEN

Tysdag vart det kjent at Mats Solheim går frå Kalmar til nyopprykka Hammarby i Sverige.

Den tidlegare Sogndal-spelaren seier det gjekk fort i svingane – då ting byrja å skje.

– Eg visste om interessa, men klubbane stod veldig langt frå kvarandre. Eg rekna ikkje med at noko ville skje, men då eg kom til kickoff i går fekk eg beskjed om å komme meg med på 2130-flyet til Stockholm, fortel 27-åringen.

– Eit nytt eventyr

Sidan har det gått i eitt for Solheim med medisinsk sjekk, pressekonferanse og så retur til Kalmar. Før han torsdag er tilbake i Stockholm for si første trening med nyeklubben.

– Med tanke på at kontrakten min går ut til sommaren, og vi ikkje var samde enno, så vurderte eg dette som ein fin moglegheit. No veit både eg og klubbane kva vi har å halde oss til frå starten, seier han og legg til:

– I fotballverda må ta dei sjansane ein får. Det er ei ny utfordring, ein ny plass å bu, eit nytt eventyr.

Enorm interesse

Klubben vann i 2001 både Allsvenskan og den svenske cupen. Hammarby er kjend for å ha nokre av dei mest dedikerte supporterane i Sverige, og stadion Tele 2 Arena tek 33.000 tilskodarar.

– Hammarby er ein storklubb frå gamalt av, og eg trur dei er i ferd med å bygge opp att noko stort igjen. Det er ekstrem interesse rundt klubben, og dei tre-fire første seriekampane er allereie utselde, seier han og legg til.

– Det er ekstra spesielt når interessa er så stor. Det er ein motiverande faktor.

Kan debutere i helga

Det er uvisst kor mykje «Bajen», som klubben blir kalla, må betale for høgrebacken. Frå før har Hammarby nordmennene Jan Gunnar Solli, Lars Sætra, Lars Fuhre og Fredrik Torsteinbø, samt tidlegare Brann-spelar Birkir Mar Sævarsson i stallen.

Til helga kan Solheim få debuten når Hammarby tek imot fjorårets seriefemmar Häcken.

– Eg er speleklar. No får eg trening torsdag og fredag, så får vi sjå kva som skjer, seier 27-åringen.

– Håpar du på repetisjon frå då du kom til Kalmar?

– Nei, ikkje sei det. No får eg dårlege tankar. Eg gjekk skadd heile det første året, men eg kan godt tenke meg reprise frå då eg kom tilbake etter skade og scora i debuten.