Hopp til innhold

Sogndal sikra tre poeng mot Haugesund

Sogndal sikra tre solide poeng mot Haugesund på Fosshaugane fredag kveld. Mahatma Otoo sørga for vinnarmålet i 1. omgang.

Otoo

GLADGUT: Mahatma Otoo sende Sogndal opp i leiinga i kampen etter 33 minutt i 1. omgang.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Med fire av ni poeng i sesongopninga, har Sogndal Fotball fått ei godkjend sesongopning. I kveld kan du følgje oppgjeret mot Haugesund i nettradioen.

Sogndal har ikkje tapt på heimebane sidan Levanger overraska med 3–1 på Fosshaugane 30. april i fjor. Det betyr 13 strake heimekampar utan tap for Eirik Bakke & co – dersom Haugesund blir slått i kveld.

Gjestene frå Rogaland gjekk derimot på sesongens første tap i førre runde, borte mot Strømsgodset.

Laster innhold, vennligst vent..
Dempsey, Mark

TOPP: Mark Dempsey sitt Haugesund imponerte med siger i sine to første kampar i år. I kveld kjem dei til Sogndal.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

NRK Sogn og Fjordane sender denne sesongen direkte frå alle heimekampane til Sogndal.

Den som skal leie radiolyttarane gjennom kveldens oppgjer er Inge Kjell Holme, som har fått med seg Sogndal-ekspert Jon Navarsete. Navarsete er godt oppdatert både på dagens Sogndal-lag og historia til Sogndal-fotballen. Han var også sjølv med på det legendariske cupfinalelaget.

Laster innhold, vennligst vent..