Hopp til innhold

Sogndal sikra sigeren på overtid

SOGNDAL - SANDNES ULF 1-0 (NRK.no): Sogndal sleit med å skape store nok sjansar mot eit defensivt Sandnes Ulf. Men: To minutt på overtid vart Tim André Nilsen matchvinnar.

Tim Andre Nilsen

VINNARMÅLET: Her vert Tim André Nilsen matchvinnar to minutt på overtid

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Sogndal måtte klare seg utan kaptein Rune Bolseth i kampen mot Sandnes Ulf. Den rutinerte midtbanespelaren vakna søndag morgon med feber, og måtte kaste inn handkledet.

Og det var merkbart for heimelaget, som sleit med å skape store nok sjansar mot rogalendingane.

Kampen vart dominert av Sogndal, som likevel aldri kom til dei heilt store sjansane - før Tim André Nilsen vart den store helten med scoring to minutt på overtid.

Sogndal starta kampen slik: Mathias Dyngeland – Taijo Teniste, Hannu Patronen, Bjørn Inge Utvik, Logi Valgardsson – Ruben Holsæter, Helge Haugen, Petter Strand – Ulrik Flo – Mahatma Otoo, Azar Karadas.

(Artikkelen held fram under live-senteret)

Laster innhold, vennligst vent..

Få sjansar og kjedeleg første omgang

Kampen opna heller kejdeleg, utan at nokre av laga heilt klarte å rive til seg overtaket. Sogndal hadde ballen mest, men ingen av laga klarte å komme til sjansar det første kvarteret.

Heimelaget starta med ein backfirar med Hannu Patronen og Bjørn Inge Utvik i midten, men allereie etter åtte minutt vart Azar Karadas trekt ned frå spissplass då Sogndal la om til ein formasjon med tre midtstopparar.

Først etter 18 minutt kom den første sjansen. Eit frispark frå Ruben Holsæter ute på venstrekanten fann vegen til Mahatma Otoo, som flikka ballen like over tverrliggjaren.

Det sette meir fyr i Sogndal, som umiddelbart kom til fleire sjansar.

Allereie eit par minutt seinare kom Taijo Teniste til innlegg frå den andre kanten. Headinga til Hjortur Logi Valgardsson gjekk via ein motstandar og utanfor. Corneren frå Petter Strand enda i nettveggen - men kunne fort ha enda direkte i mål.

Midtveges ut i omgangen var Otoo igjen farleg frampå etter frispark frå Strand. Headinga gjekk over mål, men var nok eit teikn på at Sogndal hadde teke initiativet i kampen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal - Sandnes ULf
Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Otoo og Strand var stadig vekk frampå for Sogndal, medan Sandnes Ulf i lange periodar måtte forsvare seg og berre sporadisk spelte seg fram til motstandaren sin 16-meter.

Fem minutt før pause hadde Strand sjansen frå distanse, men skotet vart for svakt og uplassert, og enda i klypa til Hannes Thor Halldorsson.

Like før pausesignalet hadde Marius Helle sjansen framfor Sogndal-målet, men headinga gjekk utanfor. Det var Sandnes Ulf sin første reelle sjanse i kampen. Laga gjekk til pause på stillinga 0-0.

... og andre omgang heldt fram...

Allereie etter eit minutt i andre omgang var Petter Strand frampå igjen. På elegant vis fekk han med seg ballen, og avslutta angrepet frå 18 meter. Sandnes-keeper Halldorsson hadde full kontroll på skotet.

Seks minutt inn i omgangen fyrte Petter Strand av frå 20 meter. Ballen gjekk i ein boge og trefte den bortre stolpen - langt utanfor rekkevidde for keeper. Det var det desiderte høgdepunktet i kampen fram til då.

Etter 15 minutt av andreomgang tok Otoo sjølv frisparket frå 18 meter. Skotet var farleg, men gjekk via ein forsvarar og til corner.

Kampen hadde ni komme inn i det samme sporet som første omgang; Sogndal styrte spelet, Sandnes Ulf forsvarte seg - men ingen av laga kom til dei heilt store sjansane.

Midtveges i omgangen kunne ein corner for Sogndal fort ha gått i mål. Men Otoo fekk ikkje fram foten då ballen passerte buret. Like etter kom eit langt innkast fram via Azar Karadas til Helge Haugen, som frå distanse avslutta langt over mål.

Fem minutt før full fekk Diego Kostner sitt andre gule kort for dagen, og måtte forlate bana for godt.

Så: To minutt på overtid kom Tim André Nilsen 2827 til sjansen som skulle sende 2827 tilskodarar på Foshaugane til himmels.

Med den forløysande scoringa sikra Sogndal seg tre viktige poeng. Sandnes Ulf er derimot framleis eit botnlag i eliteserien.