– Det går ikkje an å skildra den kjensla. Eg har gjort det same på trening, så det var berre å smella til, seier ein beskjeden Petter Strand etter kampen.
Skåringa var av det sjeldne slaget: Frå hjørnet av Brann sin sekstenmeter klinka 19-åringen til.
Ballen steig og steig til han enda i krysset bak den elles så glitrande brannkeeperen Øystein Øvretveit.
- LES OGSÅ:
Ikkje fanga opp på Brann-radaren
Petter Strand var ukjent for dei fleste då han banka på døra til Sogndal i vinter. I kveld fullenda han ein så langt framifrå debutsesong i eliteserien med den avgjerande 2-1-skåringa i årets storkamp på Fosshaugane, sjølvaste vestlandsderbyet mot Brann.
På spørsmål om tenåringen frå Morvik, som er Brann sin eigen bakgard, kjenner seg oversett av storklubben i Bergen, svarar han diplomatisk:
– Det er mange talent i Bergen, så det er ikkje lett å fanga opp alle. Då er det greitt at Sogndal er flinke til å sjå gode, unge spelarar.
(Artikkelen held fram under videoen)
SMÅLÅTEN: Petter Strand var glad for sigeren over Brann.
Brann: – Ein bra spelar
Brann-trenar Rikard Norling har merka seg den bergenske midtbaneeleganten til Sogndal:
– Han er ein bra spelar.
– Kunne du tenkt deg å ha hatt han i Brann?
– No spelar han i Sogndal, så eg vil ikkje fornærma nokon. Eg berre konstaterer at han er veldig dyktig.
– Kva tykkjer du om at talentspeidarane i Brann ikkje har fanga han opp?
– Eg må vera varsam med kva eg seier om det. Det kjem fram mange gode spelarar frå Bergen. Og iblant blomstrar dei opp i klubbar utanfor byen, slik Strand har gjort, seier Norling.
(Artikkelen held fram under videoen)
LA MERKE TIL: Brann-trenar Rikard Norling merka seg Petter Strand under kampen.
– Bør på U21-landslaget
Sogndal-kaptein Rune Bolseth tek fram dei store superlativa når han skal karakterisera den store, vesle midtbanemakkeren sin.
– Det han har gjort for oss i vår, er heilt fantastisk. At han har teke steget frå 3. divisjon til eliteserien på så kort tid, er ufatteleg imponerande. Han viser fram nye, gode sider heile tida, som skåringa i dag. Viss han ikkje kjem seg inn på U21-landslaget rimeleg kjapt, forstår eg ingenting, seier Bolseth.
Sjølv har ikkje Strand fundert så mykje på landslagsspel.
– Om eg blir kalla inn, er det gøy, men eg tenkjer ikkje på det no.
Hans eiga forklaring på suksessen i Sogndal er like upretensiøs, som karen er sjølv:
– Eg elskar fotball og har berre spelt slik eg har gjort tidlegare, hatt det gøy, og det ser ut til å fungera bra, det, seier Strand.