Hopp til innhold

Sogn og Hardanger saman for Hemsedalsfjellet

Hardanger-kommunar talar Bergen midt imot og dannar felles front med Sogn og Fjordane for at Hemsedalsfjellet skal vinna aust-vest-slaget.

Jarle Aarvol, Jostein Ljones, Atle Kvåle

SOGNDAL, KVAM OG FUSA: Ordførarane Jarle Aarvol, Jostein Ljones og Atle Berge står skulder ved skulder i kampen for at Hemsedalsfjellet skal bli den nordlege hovudtraseen mellom Aust- og Vestlandet.

Foto: Montasje: NRK

– All støtte er god støtte.

Slik kommenterer ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal det at fleire Hardanger-ordførarar snur ryggen til Hardangervidda og heller vil ha Hemsedalsfjellet som nordleg hovudveg mellom Aust- og Vestlandet.

– Eg trur det beste valet vil vera Hemsedalsfjellet, seier ordførar Jostein Ljones (Sp) i Kvam.

– Tenk heile Vestlandet, ikkje berre Bergen

Ljones er ein av fleire ordførar rundt Hardangerfjorden og Sørfjorden som utgjer ein enklave av Hemsedals-sympatisørar, midt i Hordaland der dei fleste kjempar for Hardangervidda. Atle Kvåle (Ap) i Fusa er ein annan:

– Me må finna to trasear som til saman dekkjer heile Vestlandet. Europaveg 134 over Haukeli med ein diagonal frå Odda til Bergen vil tene Rogaland og Hordaland. Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet vil inkludere Sogn og Fjordane og Møre, seier Fusa-ordføraren.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen

UTSETTE VEGVAL: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) avviste før jul at det er press frå Høgre som gjer at valet av nordleg aust-vest-hovudveg blir utsett.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ein knapp månad har gått sidan samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) peika ut Haukeli-vegen som den sørlege aust-vest-traseen. Avgjerda om kva som skal bli den nordlege – Hemsedalsfjellet eller riksveg 7 over Hardangervidda – skubba Solvik-Olsen derimot føre seg.

Felles interesse

Utsetjing betyr at vegkampen vil hardna til, og i striden har Hardanger felles interesse med Sogn og Fjordane i å hindra at Hardangervidda blir vald.

Sogningar kjempar for Hemsedal som ny hovudveg aust-vest. Og no får dei støtte frå uventa hald.

SJÅ TV-SAK: Sogningar kjempar for Hemsedal som ny hovudveg aust-vest. Og no får dei støtte frå uventa hald. (FOTO/REDIGERING: ARNE STUBHAUG/STEINAR LOTE/NRK)

Mange kommunar rundt Sørfjorden og Hardangerfjorden kjempar nemleg for den såkalla Hordalands-diagonalen, ein ny veg som skal kopla seg på Haukeli-vegen ved Odda i sør og går nordvestover til Bergen.

Skulle Solvik-Olsen landa på Hardangervidda, vil det svekkja Hordalandsdiagonalen, seier Kvam-ordførar Ljones. Han er skuffa over Solvik-Olsen som vil vurdera denne påkoplingsvegen opp mot kva val har gjer mellom Hardangervidda og Hemsedalsfjellet.

Kart over foreslåtte fjelloverganger i Sør-Norge

AUST-VEST-VEGAR: Regjeringa har bestemt at europaveg 134 over Haukeli skal vera sørleg hovudtrase. Kampen om den nordlege står mellom riksveg 7 over Hardangervidda og riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.

Foto: NRK

Mektige motstandarar

Statens vegvesen seier i sin fagrapport at nettopp diagonalen mellom Odda og Bergen er avgjerande for å dekkja opp heile Vestlandet med dei to aust-vest-hovudtraseane, seier Aarvoll.

Sjølv ein allianse mellom Sogn og Fjordane, Hardanger og hemsedalsforkjemparar i Buskerud – og med Statens vegvesen si utgreiing i ryggen – treng på ingen måte vera nok.

For motstandarane mot riksveg 52 er mange og mektige både i Hordaland og Møre og Romsdal, som fylkesordførar Jon Aasen i nordfylket:

Fryktar favorisering av Hardangervidda

I tillegg er Hemsedals-forkjemparane redde for at Regjeringa skal endra kriteria for den kommande detaljutgreiinga av Hardangervidda opp mot Hemsedalsfjellet.

Dersom både Hordalandsdiagnonalen og ei vidareføring av riksveg 52 opp gjennom Sogn og Fjordane skulle bli tekne vekk som føresetnader frå utgreiinga, vil det vera alvorleg for dei som kjempar for Hemsedalsfjellet og Hordalands-diagonalen. I praksis vil det vere til fordel for Hardangervidda.

– Regjeringa kan ikkje ta vekk faktum og laga ei ny bestilling til Statens vegvesen som vil vera ei skeivfordeling, seier ordførar Jarle Aarvoll.