Hopp til innhold

Sogn og Fjordane vil ikkje gje milliardverdiane sine til Hordaland

Sogn og Fjordane og Hordaland skal snart bli eitt fylke, men i desse dagar jobbar veslebror i nord på spreng for å halde pengemaskina si SFE utanom det nye storfylket Vestland.

Historiskebilder

MYKJE PENGAR I KRAFT: Sogn og Fjordane fylkeskommune har tent mykje pengar på eigarskapet sitt i kraftselskapet SFE.

Foto: Irmelin Giverholt / NTB scanpix

– Det handlar om at dette er verdiar som er bygd opp her i fylket over svært mange år, og då meiner vi at dei bør kome folk i Sogn og Fjordane til gode, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Føling.

Å slå saman fylke her i landet har dei siste vekene synt seg å vere krevjande. No dukkar det opp utfordringar med ei av dei samanslåingane som eigentleg har gått bra, nemleg det nye Vestland.

Denne veka møter Sogn og Fjordane fylkeskommune kraftselskapet BKK i retten.

Avgjerda i tvisten kan få store konsekvensar for Sogn og Fjordane sine planar om å halde kraftverdiar på lokale hender i sitt eige fylke.

Målet er å hindre at verdiane hamnar i Hordaland når Vestland fylke står klart 1.1 2020.

Tek ut millionar i utbytte

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 49,56 prosent av det svært lønsame kraftselskapet Sogn og Fjordane Energi (SFE). Gjennom åra har dette vore ei pengemaskin som har bidrege sterkt til at fjordfylket har vore eit velståande fylke. Kvart år har fylkespolitikarane kunne ta ut opp mot 70 millionar kroner i utbyte frå selskapet. Slikt blir det nye skular og operahus av.

– Den viktigaste grunnen til ressurssituasjonen vår er at vi har hatt god økonomistyring, men det er klart at det ikkje er noko ulempe å få desse pengane, seier Følling.

Aksjeposten til Sogn og Fjordane fylkeskommune er bokført til ein verdi av rundt 350 millionar kroner. I realiteten vil ein sannsynlegvis kunne selje aksjane for meir enn halvannan milliard.

– Fylkestinget har hatt eit ønske om at dei verdiane skal bli verande i dagens Sogn og Fjordane. Ei løysing for å få det til er å gje delar av aksjane til enkelte kommunar her i fylket, seier Følling.

Det store spørsmålet som er oppe i retten denne veka er om energigiganten BKK, som også eig aksjar i SFE, vil kunne snappe opp aksjeposten på forkjøpsrett dersom fylkeskommunen forsøkjer å gje den frå seg til kommunane. I så fall vil ein ikkje risikere det, men legge vekk planane.

Det er to modellar fylkeskommunen ser føre seg for å gje vekk kraftverdiane til kommunane i Sogn og Fjordane. Den eine vil føre til at rundt 50 prosent av SFE-aksjane vert gitt vekk til kommunane, medan den andre vil ende opp med 80 prosent.

Jenny Følling i korridorane på Sunnfjord Hotell

SPENT: Jenny Følling er spent på resultatet frå rettssaka mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og BKK. Truleg kjem avgjerda ein gong i oktober.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Har ført til sinne og irritasjon i Hordaland

Planane om å gje vekk verdiar i milliardklassen for å halde dei i fylket, har gjort mange i Hordaland irriterte frå dag ein.

– Det er ingen tvil om at desse forslaga vekte kraftige reaksjonar då dei vart lagt fram for Hordaland fylkesting, og vi reknar vel eigentleg med at tanken om å gje vekk verdiane er noko Sogn og Fjordane kjem til å gå vekk ifrå, seier gruppeleiar for Høgre i Hordaland fylkesting Silja Ekeland Bjørkly.

Ei avgjerd frå rettssaka mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og BKK er venta ein gong i oktober.