Hopp til innhold

Snart kan du redde mat frå å bli kasta

Nordmenn kastar kvar femte handlepose med mat, men no kan du snart kjøpe restemat med mobiltelefonen.

Naustdal Dampbakeri

RESTEMAT: På kafeane til Naustdal Dampbakeri kan ein snart kjøpe maten som blir til overs i løpet av dagen, og hente den rett før stengetid.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Etter stengetid er det vanleg at kafear kastar uhyggeleg mykje mat som ikkje har blitt selt i løpet av ein dag. Men gjennom den nettbaserte mobil-appen «Too good to go», kan ein no kjøpe det som er til overs rett før stengetid, til ein billig penge.

Dette har blitt veldig populært i større byar i landet, men etterkvart blir dette mogleg òg på mindre stadar.

– Det er alltid kjedeleg å kaste mykje mat, så no vil vi vere med på det her for å sjå om vi kan unngå det, seier Anne Sofie Berntsen, som er kaféansvarleg i Naustdal Dampbakeri i Førde.

Populær teneste

Når kundane kjøper mat i appen, kan dei komme å hente maten på tidspunktet dei får opplyst. Dei vil tilby maten som blir til overs frå tre kafear i Førde frå 15. august, og er spente på å sjå korleis det blir mottatt.

– Stort sett er det alltid eitt eller anna som vi må kaste. Det som går rett i bosset er ofte påsmurte brød, og det hender vi må kaste kaker, bollar og pizzabrød, så det kan det bli noko av, seier Berntsen.

Tenesten «Too good to go» har lenge vore populær i Tyskland, Frankrike og Danmark, og i vår kom tilbodet igang i Oslo. Dagleg leiar i Too good to go, Sophie Wiik, er overaska over kor populært det har biltt i Noreg.

– Det virkar som at folk var klare for dette. Det er mange fleire app-brukarar enn det er mat til, så vi prøver å få med fleire som kan tilby mat, seier ho.

Ho seier at alle som sel mat kan tilby restemat i tenesta.

Kun gjennom app

På kafeen til bakeriet er det fleire kundar som kan tenke seg å redde mat ved å kjøpe det gjennom appen.

– Det kan eg tenke meg. Eg er veldig opptatt av at vi skal bruke maten og ikkje kaste maten i verda, seier Liv Åbrekk Glasø.

Men det er ikkje alle som er fortrulege med mobil-appar, og dei kan derfor ikkje hente billig mat før stengetid. Line Randi Årset liker òg tilbodet, men er ikkje sikker på om ho kjem til å nytte seg av det.

– Å kjøpe mat med ein app er ikkje heilt min stil. Eg bruker veldig lite app og sånne ting i mitt daglege liv, seier ho.