Hopp til innhold

No kan du bestille restemat frå mobilen

Ein mobilapp kan hjelpe matbransjen å redusere matsvinn. Stadig fleire utsal let kundar kjøpe tilnærma gratis mat rett før stengetid.

Baker Jørgensen

Markus Jørgensen ved Baker Jørgensen med typiske varer som blir til overs, og dermed kan seljast til ein billig penge.

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK

Onsdag skreiv NRK at fleire hotell i Agder reknar med å måtte hive tonnevis med uspist mat frå frokostbuffetar.

Samstundes blir tenesta «Too Good To Go» stadig meir populær blant nordmenn.

Det er ein applikasjon- og nettbasert teneste som skal bidra til å redusere matsvinn.

Konseptet er enkelt: Mat som spisestader i utgangspunktet skal kaste blir heller selt for ein billig penge.

– Utselt kvar dag

I Noreg blir det årleg kasta over 360 000 tonn etande mat. Samstundes blir etterspørselen etter grøne løysingar stadig større, og forbrukarane fokuserer i større grad på miljøomsyn og CO₂.

Sophie Wiik

Dagleg leiar og eigar av Too Good To Go Norge AS, Sophie Wiik.

Foto: Too good to go

Dagleg leiar og eigar av Too Good To Go Norge AS, Sophie Wiik, fortel at dei i samarbeid med serveringsstadar formidlar overskotsmaten som i utgangspunktet skal gå i søpla på slutten av dagen.

Dette kan brukarane kjøpe via tenesta, og hente hos den aktuelle serveringsstaden rett før stengetid.

– Ein kan hente mat hos alt frå delikatesseforretningar, bakeri, sjømatbutikkar, hotell og restaurantar. Eit måltid varierer i pris, men i applikasjonen vår kan ein få overskotsmat frå 15 kroner til rundt 45 kroner. Det varierer blant anna ut ifrå kvalitet og mengde.

Denne veka har ordninga også kome til Sørlandet. Baker Jørgensen på Torvet i Arendal er eitt av dei første utsala i Agder som har inngått eit samarbeid med «Too good to go».

Markus Jørgensen fortel at sidan dei starta med ordninga i byrjinga av veka, har hyllene stått tomme ved stengetid.

– Folk er veldig positive, og det har vore heilt utselt kvar dag. Det vi har gitt ut er dagsferske brød, kveitebakst og wienerbakst.

Video Andreas Myhrvold lager kjøttkaker

Ved hjelp av tenesta «Too Good To Go» kan du skaffe middag til heile familien for særs låge prisar.

Foto: Nyhetsspiller

Frå stortingspolitikarar til pensjonistar

Jørgensen seier det blir mykje matsvinn kvar dag, sidan ingenting kan seljast dagen etter. No vurderar dei å innføre same ordning på fleire av sine utsal i Arendal.

– Vi har ferskvarer kvar dag, så vi ville vere med på dette for å redusere matsvinnet. I staden for at vi kastar det er det betre at folk kjøper det. Kundane er veldig blide for rimelegare produkt, samstundes som det er for ei god sak at ein minskar svinnet.

Sophie Wiik seier at dei rekna med det var mest studentar som ville nytte seg av tilbodet då dei lanserte det i Noreg i februar i år.

– Men vi ser at det er alle moglege slags typar folk som kjem. På frokostbuffetar på hotell kan det til dømes kome pensjonistar og sjukepleiarar rett frå nattevakt. Vi har til og med vore på Stortinget og høyrt at nokon der er faste kundar, i tillegg til advokatar eller studentar som hentar mat til heile kollektivet.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %