Hopp til innhold

Smakar frå besta sitt kjøkken

VIKSDALEN (NRK): På Eldalstunet i Gaular serverer vertskapet sosekjøt av Vestlandsk fjordfe. No vil Marit Eldal og Henning Skilbrei slå eit slag for den tradisjonsrike retten.

Sosekjøt

FESTMAT: Bordet er dekka til fest på Eldalstunet i Viksdalen. Dette er middagsmat som vart brukt både som søndagsmiddag og til bryllaup og gravferd før i tida.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Henning Skilbrei

VESTLANDSK FJORDFE: Henning Skilbrei serverer dyra bygg.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Vi er opptekne av tradisjonar og synst det er kjekt å ta vare på dei gode gamle smakane, fortel Henning Skilbrei.

Gjestene hans set pris på mat med tradisjonar.

– Det er nesten som dei får tårer i auga når sosekjøtet og sviskekompotten kjem på bordet.

Festmaten i Sogn og Fjordane

Sosekjøtet meisterkokken Steinar Lindstrøm serverer i dag, er laga på kjøkenet til Marit Eldal og Henning Skilbrei. Vestlands fjordfe blir og kalla Vikingkua.

Sosekjøt har lange tradisjonar i heile fylket og vart ofte servert i store lag som bryllaup og gravferd.

– I bryllaup måtte det kokast mat i store gryter, då var sosekjøt ein perfekt rett, fortel Lindstrøm.

Ofte vart bryggarpanna teken i bruk. Sosekjøt er sjølve festmaten i Sogn og Fjordane.

Sosekjøtet treng ei god stund i gryta, men når kjøtet først er godt kokt smeltar det på tunga. Til kjøtet blir det servert god gammaldags erterstuing, grønsaker og kokte poteter.

Eldalstunet sitt sosekjøt

Sosekjøt

GOD MAT: Sosekjøtet treng ei god stund i gryta, men når kjøtet først er godt kokt smeltar det på tunga-

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Til 4 personar:

  • 1 kg kjøt av rygg eller bog
  • 1-2 lauvbær
  • 1 liter kraft
  • 50 g smør
  • 40 g kveitemjøl

Brun kjøtet med salt og pepar og kok det i ei god kraft i rundt 2 timar. Her kan du bruke fond som du får kjøpt i butikken. Kjøtet skal vere godt kokt. Lat lauvbæra koke i lag med kjøtet. Ta kjøtet ut av krafta og sil den. Så har du i bruninga av mjøl og smør, og lagar ein god saus. Ha kjøtet tilbake i sausen.

Smak til med salt og pepar, litt balsamico og sukker gjer susen.

Ertene leggast i vatn natta over og kokast møre i vatn. Sil av vatnet og tilsett litt smør. Smak til med salt og pepar. Server sosekjøtet med kokte poteter, erter og grønsaker.

Bestemor sin sviskekompott

Svisker med stein frå California kom med båt over havet og danna utgangspunktet for den klassiske sviskekompotten, eller sviskegraut som den og blir kalla. Den smakar himmelsk den dag i dag, gjerne med ein god slump fløyte.

Sviskekompott

SVISKEKOMPOTT: Gode minner i ei skål med fløyte.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Oppskrift:

  • 200 g svisker
  • 3 del vatn
  • 0,5 dl hushaldningssaft
  • 50 g sukker
  • 1 ss potetmjøl

Kok opp vatn og hushaldningssaft og sukker. Ha i sviskene og la dei trekkje nokre få minutt. Må ikkje koke. Sil av sviskene og jamn laken med potetmjøl. Jamninga må ikkje koke, då blir den seig. Ha i sviskene og set desserten til kjøling.