Sosekjøt

TRADISJON: Sosekjøt med erterstuing. Middagen som ofte vart servert på besta sitt kjøken.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Sosekjøt frå Eldalstunet

På Eldalstunet i Gaular serverer vertskapet sosekjøt av Vestlandsk fjordfe. Dette er middagsmat som vart brukt både som søndagsmiddag og til bryllaup og gravferd før i tida. No vil Marit Eldal og Henning Skilbrei slå eit slag for den tradisjonsrike retten.

Slik gjør du

Sosekjøtet treng ei god stund i gryta, men når kjøtet først er godt kokt smeltar det på tunga. Til kjøtet blir det servert god gammaldags erterstuing, grønsaker og kokte poteter. Vi tek og med ein dessert med smak av bestemor sitt kjøken, sviskekompott.

Kjøtet vi serverer i dag er henta frå garden Eldalstunet i Gaular. Vestlands fjordfe, blir og kalla Vikingkua. Men kjøt frå vanleg storfe smakar også godt.

Sosekjøt

Brun kjøtet med salt og pepar og kok det i ei god kraft i rundt 2 timar. Her kan du bruke fond som du får kjøpt i butikken. Kjøtet skal vere godt kokt. Lat laurbæra koke i lag med kjøtet. Ta kjøtet ut av krafta og sil den. Så har du i bruninga av mjøl og smør, og lagar ein god saus. Ha kjøtet tilbake i sausen.

Smak til med salt og pepar, litt balsamico og sukker gjer susen.

Ertene leggast i vatn natta over og kokast møre i vatn. Sil av vatnet og tilsett litt smør. Smak til med salt og pepar. Server sosekjøtet med kokte poteter, erter og grønsaker.

Tips

Les meir: Smakar frå besta sitt kjøkken

Kilde: Steinar Lindstrøm