Wæhler starta treninga saman med resten av lagkameratane, men litt ut i oppvarminga måtte han kasta inn handkledet.
– Hovudet vil, men kneet er ikkje bra nok til å yta 70 prosent eingong. Då har eg ingenting på bana å gjera, seier Wæhler.
Snudde då Wæhler kom
Sesongen starta dårleg for Sogndal, men snudde då
. Med Wæhler på bana har ikkje Sogndal tapt denne sesongen, utanom mot Brann, og då vart 41-åringen bytt ut medan Sogndal framleis leia kampen.I kampen mot Viking førre helg var stillinga 0-0, då Wæhler måtte ut med skade. På den neste dødballen scora heimelaget. Det syner kor viktig veteranen har vore for dei kvitkledde. Og kor mykje han vil bli sakna om han blir verande i Oslo, også etter ferien. For sjølv om kontrakten varer ut året,
– Det er jo positivt at det har gått den vegen. Og så er det viktig for min del at eg har gjort ein forskjell og bidratt. Det som er gjort, er gjort, og så får ein sjå kva framtida bringar.
– Det verkar litt som om du takkar for deg no?
– Det er ikkje teke ei avgjerd på noko som helst. Men om det verkar som eg takkar for meg, så må eg i alle fall takka for den perioden eg har hatt her så langt. Så får eg takka på nytt om eg er her også i august også, smiler 41-åringen, som nyleg vart den eldste utespelaren nokon gong i Eliteserien.
- Les også:
– På prekær stopparjakt
– Eg håpar ikkje han har spelt sin siste kamp, men det er store sjansar for at han kanskje har gjort det, ja, seier trenar Eirik Bakke, som er full av lovord om 41-åringen.
– Det er berre å sjå på statistikken når han har spelt, den talar for seg sjølv.
Men også Næss Lund spelar truleg sin siste kamp i den kvite trøya laurdag, og med Bjørn Inge Utvik og Christophe Psyché ute i lang tid, treng Sogndal desperat spelarar i forsvaret. Even Hovland trenar med Sogndal, og har fått eit kontrakttilbod, men har ikkje bestemt seg endå.
– Me er på prekær stopparjakt. Even er førstevalet, men om han ikkje takkar ja, må me ha inn nokon andre, seier Bakke.
Hovland sjølv fortel at han er i dialog med Sogndal, men at han ikkje stressar han å vera klubblaus heilt endå.
På fredagens trening var det Næss Lund som vart drilla i forsvarsrekkja, i lag med Taijo Teniste, Ulrik Fredriksen, Per-Magnus Steiring og Lars Kristian Kjemhus.