Hopp til innhold

Slit i botn med unge spelarar

Førde sitt damelag strevar for tida i eliteserien i volleyball. At laget har ein av dei lågaste gjennomsnittsaldrane i serien, er mest sannsynleg ei avgjerande årsak.

Frå trening med damelage til Førde volleyball i Gaularhallen

LIGG I HARDTRENING: Damelaget jobbar hardt for å snu dei dårlege resultata.

Me har eit ungt lag der mange spelar sin fyrste sesong i eliteserien. Derfor er det viktig at me trenar godt og jobbar opp erfaring. Laget har stort potensial, og eg trur det kjem seg snart, seier trenar for damelaget Katarzyna Ciesielska (29).

Det skil heile fire år i gjennomsnittsalderen på fyrste- og sisteplass i eliteserien. Randaberg toppar tabellen for tida og deira spelarstall er altså gjennomsnittleg fire år eldre enn spelarstallen til Førde. Alderssnittet til Førde ligg ca. på 19 år og den yngste spelaren i stallen er fødd i år 2000.

Fråflytting må ta mykje av skulda

– I Førde så skal alle til Bergen, Oslo og Stavanger for å studere. Det gjer at me mistar gode og etablera spelarar, seier Ciesielska.

Katarzyna Ciesielska

OPTIMISTISK FOR FRAMTIDA: Trenar for damelaget Katarzyna Ciesielska har tru på at laget vil løfte seg i framtida.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Ho kan godt forstå kvifor så mange vel å flytte på seg.

Førde er kanskje ein litt for liten by, og det er nok ikkje nok mangfald i studietilboda. Eg som trenar kan ikkje stoppe spelarane frå å studere ein annan plass, så eg kryssar fingrane for eit betre studietilbod her i Førde.

Kapteinen for damelaget Julie Tvinde (19) kjenner seg igjen i det trenaren hennar seier. Ho er heller ikkje sikker på om ho blir verande i Førde for å spele volleyball.

Eg kunne jo godt tenkt meg å blitt verande, men eg må jo byrje å studere ein dag eg også. Her i førte er det jo berre høgskuleutdanning til ingeniør og sjukepleiar, så det er jo ikkje så mykje å velje mellom.

Julie Tvinde

USIKKER PÅ FRAMTIDA: Sjølv om Julie Tvinde (19) likar å spele volleyball i Førde, veit ho enda ikkje om ho blir verande.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Høgare gjennomsnitt på herresida

Dagleg Leiar i Førde volleyballklubb Tor Kristian Kvammen er ikkje overraska over at damelaget har det tøft i eliteserien. Sidan dei såg tidleg at laget ville bli yngre enn vanleg.

Han håpar at dei etter kvart kan få auka gjennomsnittsalderen på laget, slik dei i år greidde på herrelaget.

Tor Kristian Kvammen

DET KAN FORT SNU: seier dageleg leiar i Førde volleyballklubb Tor Kristian Kvammen

Foto: Martin Torstveit / NRK

Sjølv om det er veldig individuelt, så tenker eg det er ein tendens at jentene prioriterer skule, jobb og familie tidlegare enn gutane, seier han.

– Men det skal også seiast at i år var me mykje heldigare med rekruttering på herresida, der me fekk heim eit par rutinerte spelarar som me kunne bygge laget rundt. Det lukkast me ikkje med på damesida i år, men det kan fort snu neste sesong. Da er jo også dei noverande spelarane eit år eldre, legg han til.

Bra med lokale spelarar

Trenar Ciesielska seier at sjølv om ein gjerne skulle hatt meir erfarne spelarar, tykkjer ho det er ein fordel for det lokale volleyballmiljøet, at ein da får sleppe til unge krefter.

– Der mange lag i eliteserien har spelarar frå heile landet, satsar me på jentene frå Førde. Det gjev mange unge spelarar i Førde ekstra motivasjon, fordi dei veit at om dei trenar godt og spelar godt får dei spele i eliteserien.