– Eg blokka ein ball og plutseleg stod fingeren rett ut, så eg berre sleit den på plass, seier Tvinde.
– Du fekk fingeren ut av ledd, men fortsette å spele?
SMERTEFULL FINGER: Julie Tvinde trekte sjølv fingeren på plass, då finger gjekk ut av ledd i klampen mot Koll
Foto: Rune Fossum / NRK– Ja, det er ganske vondt, men når du har så mykje adrenalin så har du ikkje tid til å tenke på det når du spelar.
Kapteinen på Førde-laget trassa ein smertefull finger og fullførte kampen som toppscorar med 20 poeng.
Men trass i tapper innsats frå Førde-spelarane sundag, var det Koll som trekte det lengste strået.
Nesten, men ikkje heilt
Kampen starta bra for Førde som vann 1. settet 27 -25, dei vann også tredje settet 28 – 26.
– Vi har trua der ei stund, men så berre raknar det fullstendig. Vi har ikkje nok energi til å fullføre kampen, seier Tvinde
For Koll vart for sterke. Dei vann andresettet 25–16, fjerdesettet 15–13 og det siste settet 15–10.
– Det var surt å tape 3–2 når vi var så nærme, seier kapteinen.
LANG KAMP: Etter kampen mot Koll var Julie Tvinde tappa for energi.
Foto: Rune Fossum / NRKFor ustabile
Førdelaget spelte bra i periodar, men vart for ustabile til at det helt heilt inn mot Koll.
– Vi er for dårlege i mottak rett og slett. Det må vi berre trene meir på, mottaket er grunnlaget for alt.
Litt av forklaringa kan ligge i at Førde-jentene ikkje har spelt så mykje i lag.
– Dette er eigentleg første kampen. Vi var på ein treningsleir i Polen men der var ikkje alle med, seier Tvinde.
Lang kamp
Sundagens møte med Koll vart ein tøff kamp som strekte seg over to og ein halv time.
– Det er ganske lenge, ja.
– Eg kjenner at eg ikkje har så mykje energi igjen no, seier Tvinde.
Vil inn blant topp tre
– Vi er ganske unge, men vi har lyst til å vere blant topp tre. Vi får sjå korleis det går ut over i sesongen.
– Burde de ha slått Koll i dag?
– Ja, det burde vi ha gjort, men vi gjorde for mange personlege feil i dag.
HELDT IKKJE HEILT I MÅL. Koll vart for sterke for Førde-damene
Foto: Rune Fossum / NRK