Hopp til innhold

Slik skal dei kartleggje villfisken

Korleis nyttar smolten Nordfjorden? Og når bør lakselusnivået vere på eit minimum? Denne veka starta forskingsprosjektet som skal gi svar på dette.

Rune Holm, Henning Urke og Stig Bakke.

REGISTRERER: Rune Holm (f.v.), Henning Urke og Stig Bakke med utstyret som ut året skal registrere rørslene til merkt fisk i Nordfjorden.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Det er eit omfattande forskingsprosjekt som for første gang er starta i Nordfjord, med over 80 utplasserte lyttebøyer som registrerer rørslene til merka småfisk frå Stryneelva.

Prosjektet er eit samarbeid mellom oppdrettsaktørar, elveeigarlag og ulike forskingsmiljø.

Rune Holm monterer lytteutstyr.

KLARGJER: Rune Holm monterer lytteutstyr på bøyene som blir fordelte utover Nordfjorden.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Villaksen er grunnlaget for vår eksistens, og vi tykkjer det er veldig viktig å vere med å styrke bestanden i Nordfjord, seier Stig Bakke ved Nordfjord Forsøksstasjon.

Nasjonal laksefjord

Nordfjorden er ein av 29 nasjonale laksefjordar, og Oldenelva, Stryneelva og Eidselva tre av 59 nasjonale laksevassdrag.

No skal eit par hundre smolt merkast med namn og nummer, før dei blir sett ut i Stryneelva.

Lyttebøye i Nordfjorden

80: Det blir mange slike bøyer i Nordfjorden ut året. Dersom ein får finansieringa på plass, kan prosjektet også bli vidareført.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Vi ynskjer kunnskap om korleis laksen brukar fjorden, då spesielt Stryneelva som er eit av dei viktigaste vassdraga i Nordfjord. Når går den frå elva, kor lang tid brukar den ut Nordfjorden og når passerer den område der det er oppdrettsintensitet og kanskje høgare nivå med lakseluslarvar, seier Henning Urke, som driv med rådgjeving for sjømatnæringa.

Viktig informasjon

Urke seier metoden er velkjend, og i fleire år har vore brukt i Sognefjorden.

– Der har vi hatt ute 140–150 lyttebøyer. Signala gir oss informasjon om djupne, temperatur og kva ID som er på fisken, seier han.

Lytteutstyr i Nordfjorden
Foto: Harald Kolseth / NRK

Informasjonen frå prosjektet gir oppdrettarane ein peikepinn om når smolten vandrar ut og kva periode dei må halde lusetalet så lågt som mogleg. Den første informasjonen blir henta ut i mai, med ein grundigare rapport fram mot slutten av året.

– Dess meir informasjon vi får, jo meir målretta tiltak kan vi setje inn og bruke midlane riktig gjennom våren, seier Bakke.