NRK Meny
Normal

Så stort blir det nye datasenteret i Nordfjord

Friheitsgudinna og store passasjerfly blir små i forhold til det nye datalagringssenteret som snart opnar i dei gamle gruvene på Lefdal i Nordfjord.

CeBIT. Lefdal Mine Datasenter

MODELL: Denne modellen hadde Lefdal Mine Datasenter med seg på CeBIT-messa. Der kunne ein sjå kor stort senteret faktisk er, samanlikna med Fridomsguddina, eit fly og ein bil.

Lefdal Mine Datasenter opnar offisielt 10. mai og denne veka har dei presentert prosjektet for hundretusener på datamessa CeBIT i Tyskland.

– Det var ei stor oppleving for oss. Vi stod på stand med vår tyske deleigar Rittal, og dei hadde fått laga ein 3D-modell som viste kor stort datasenteret blir, samanlikna med Fridomsgudinna, eit fly og ein bil, seier Jørn Skaane, som er dagleg leiar i Lefdal Mine Datasenter.

På seinsommaren i 2015 kunngjorde dei at dei sette i gang bygginga av datasenteret i den tidlegare olivingruva i Lefdalsbygda i Eid kommune.

CeBIT-messa vert årleg arrangert i Hannover i Tyskland og strekk seg over fem dagar. I 2016 var det om lag 350 000 besøkande.

Opnar 10. mai

Fleire hundre personar har vore i drift for å bygge ut datasenteret, som var planlagt ferdig seint i fjor. No har dei sett offisiell opningsdato til 10. mai.

– Vi driv no å planlegg opninga. Etter den vil det bli ein periode med testing av anlegget før vi er i full drift på seinsommaren, seier Skaane.

Han seier årsaka til at dei ikkje opnar tidlegare er at dei har tatt seg tid for å få alt gjort skikkeleg før opninga. Selskap som internasjonale IBM og lokale Local Host står alt på kundelista.

Under datamessa i Tyskland fekk dei vist seg fram for nye potensielle kundar.

– Vi fekk snakka både med folk vi har vore i kontakt med før og nye potensielle kundar. Vi fekk utelukkande positive tilbakemeldingar, seier Skaane.

Dei fekk vera ein del av Rittal sin stand, og det utgjorde ein stor forskjell seier Skaane.

– Dei fekk laga 3D-modellen for oss, og då kunne vi vise fram korleis dette faktisk er. I 2015 og 2016 viste vi berre bilde av korleis ting kunne bli, seier han.

CeBIT-messa. Lefdal Mine Datasenter.

INTERESSERTE: Mange viste stor interesser for modellen av Lefdal Mine Datasenter på CeBIT-messa i Tyskland førre veke.

Tilfredsstillande

Ideen om å lage datasenter i den nedlagde gruva kom i 2008. Etter mange år med arbeid ser dagleg leiar no fram til opning.

– Det kjennest veldig godt. Det er ein stamme som har jobba intens med dette i seks-sju år og det er tilfredsstillande å ha klart det, seier Skaane.

Men det er no arbeidet startar.

– No må vi gjere jobben med å skaffe kundar og det er ein pågåande prosess. Vi ligg langt frå sentrale Europa, så vi må overtyda folk om at vår løysing er like effektiv som eit datasenter som ligg i til dømes Amsterdam, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser