Hopp til innhold

Stang ut for Fjord1-investorar – trekkjer seg i protest

Næringslivsmannen Arne Stang frå Stongfjorden trekkjer seg som mogleg investor i Fjord1.

MF "Sogn", Manheller-Fodnes

SEL TIL HAVILA: Sogn og Fjordane fylkeskommune sel sine aksjar i Fjord1 til Havila.

Foto: Anna Gytri / NRK

I sommar har det gått føre seg eit arbeid med å få på plass ei regional eigargruppe som skulle kjøpa 34 prosent av aksjane i Fjord1, for å sikra at hovudkontoret blir verande i Florø.

Men i den forhandla fram salsavtalen er det klar at Havila-konsernet har sikra seg full kontroll over ferjeselskapet.

Sel til Havila

Onsdag vart det kjent at Sogn og Fjordane fylkeskommune har signert ein avtale om å selja aksjane sine i Fjord1 AS til Havila-konsernet. I dag eig fylkeskommunen 59 prosent av aksjane medan Havila eig 41.

I den nye avtalen har Havila-eigar Per Sævik fått gjennomslag for å kjøpa seg opp til 67 prosent og sikrar seg dermed full kontroll over selskapet, dersom fylkestinget og Havila-styret godkjenner avtalen.

Dette har skapt sterke reaksjonar blant lokale og regionale investorar som har vurdert å kjøpa seg inn som minoritetseigar i Fjord1.

Trekkjer seg

NRK har snakka med næringslivsmannen Arne Stang, som er nært knytt til Stongfjorden. Stang har bygd opp ei rekkje store selskap og er i dag er hovudeigar i det store fiskeriselskapet Nergaard. Han er blant dei som mislikar utfallet av forhandlingane mellom Havila og fylkeskommunen.

Tidlegare i år blei nemleg Stang kontakta av styremedlemmer i Fjord1. Målet var å få plass ei gruppe med lokale og regionale investorar som skulle sitja med 34 prosent av aksjane i Fjord1 og dermed sikra seg ein såkalla negativ kontroll over selskapet, som å stoppa eventuell flytting hovudkontoret i Florø til dømes.

Stang har vore i fleire møte for å få til ei slik lokalt forankra investorgruppe, og fylkesordførar Jenny Følling skal vera orientert om arbeidet, etter det NRK kjenner til.

Arne Stang

MISNØGD: Investor Arne Stang er ikkje nøgd med at lokale eigarar kun kan oppnå 33 prosent eigarskap i Fjord1.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Todelt

Målet med eit slik lokal eigargruppe har vore to delt, ifølgje Stang:

– For det fyste å sikra at hovudkontoret blir liggjande Florø, og for det andre å unngå at det i framtida vil skje nye fusjonar som kan utradera den lokale kontrollen.

Men i forhandlingane mellom fylkeskommunen og Havila den siste tida, har altså fylkeskommunen gitt etter for Sævik sitt krav om 67 prosents eigarskap og kontroll over selskapet.

Med ein aksjepost på 33 prosent, og ikkje 34, ser ikkje Stang at han vil kunna ha innverknad på utviklinga til selskapet. Difor har han i dag bestemt seg for å trekkja seg frå arbeidet med å få på plass ei lokal eigargruppa.

Stang gir tydeleg uttrykk for at han er oppgitt over avtalen som er forhandla fram. Og han er uroa for den lokale kontrollen over viktige arbeidsplassar når fylkeskommune har gitt etter for Sævik sitt krav om å få full kontroll over selskapet.