– Alt går jo igjennom data og det er jo der teknologien tek oss. Det er jo ein positiv ting, dersom det er trygt. Det går eg ut frå at det er, seier Jonny Heggestad frå Kaupanger.
Han fekk som ein av dei første teste den rykande ferske passkiosken hos politiet i Sogndal. Slike kioskar blir no plassert rundt i heile Noreg og skal gjere oss tryggare.
– Når du kjem med passet ditt, er det no ein veldig, veldig stor sjanse for at det er deg, og ikkje slik at nokon har forfalska passet og gir seg ut for å vere deg, seier politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.
Kontoret i Sogndal er det første i Sogn og Fjordane som står ferdig ombygd med ny passkiosk.
– Det er på tide
Dei siste åra har det vore eit stort fokus på ID-tjuveri både i Noreg og internasjonalt. Ei gransking utført av Norsis i 2018, syner at nær 150.000 nordmenn har opplevd å bli fråstolen sin eigen identitet.
Ifølgje politiet si innbyggjarundersøking for 2018 er folk mest uroa for svindel eller bedrageri på nett (30 prosent), trafikkfarlege hendingar (29 prosent) og identitetstjuveri (27 prosent)
– Pass er omsetteleg, noko som sjølvsagt er ei gullgruve for kriminelle, og spesielt norske pass er attraktive. Har du norsk pass slepp du eigen visum-søknad i mange land.
Dei nye passkioskane har betre system for ansiktsgjenkjenning og kan også kjenne att fingeravtrykk. Dei nye passkioskane er også ledd i innføringa av nye, nasjonale ID-kort frå 2020.
– Den nye teknologien gjer at du får både pass og id-kort gjennom same system, fortel Johannesen.
Han vedgår at Noreg har vore seint ute, både med ID-kort og nytt passystem.
– Svært mange land har hatt id-kort og eit mykje tryggare passystem i mange år. Det er på tide, seier Johannessen.
Skal hindre kriminalitet
Innføringa av nye passkioskar og ei halvering av talet passkontor vil for mange bety lengre veg for å få nytt pass. I Sogn og Fjordane er det Sogndal, Førde, Florø og Nordfjordeid som skal ha dei nye passkioskane.
Tal frå politidirektoratet viser at 230 av 309 passkioskar allereie komne i bruk.
– Eg håpar at alle ser at det er viktig for tryggleiken til innbyggjarane i Noreg at vi ikkje har falske pass i omløp. Det handlar om å hindre organisert kriminalitet, trygdesvindel og i ytste konsekvens – terror, seier Johannesen.
For Jonny Heggestad føles det i alle fall trygt å vere ein av dei første som får nytt og sikrare pass.
– Vi skal til Danmark no i mai. Pass er jo ikkje noko vi må ha der, men vi føler det er ein ID-tryggleik, seier Heggestad.