Hopp til innhold

Nye pass og ID-kort er framleis ikkje lansert: Amalie (21) er lei av å vente

Sidan 2007 har Justisdepartementet og Politidirektoratet planlagt det omfattande arbeidet med eit nasjonalt ID-kort. Tolv år seinare er prosjektet framleis ikkje fullført, og prisen vil stige med fleire hundre millionar.

Nye pass og ID-Kort

NYE PASS OG ID-KORT: Slik vil det nye passet og ID-kortet sjå ut. ID-kortet skal ha ei elektronisk brikke med biometriske personopplysningar, akkurat som i eit pass.

Foto: Vilde Elgaaen / NRK

– Det er frykteleg tungvint å ha med seg pass overalt i kvardagen, seier Amalie Kapstad Tyssekvam (21). Ho har ei sterk synshemming som gjer at ho ikkje kan ta førarkort.

Fleire terrorangrep og ID-kriminalitet har ført til innstramming av sikkerheita. Ein av konsekvensane er at mange sparebankar ikkje lenger vil tilby kundane bankkort med bilete. For personar utan førarkort kan det vere fortvilande.

Amalie Kapstad Tyssekvam

UTAN FØRARKORT: Amalie Kapstad Tyssekvam (21) kan ikkje ta førarkort og må alltid ha med seg passet.

Foto: Marita Solheim / NRK

– Passet tek større plass i veska enn eit bankkort, og det kan kjennast utrygt å ha det med om ein skal på fest eller ein tur på butikken, meiner 21-åringen frå Sande i Sunnfjord.

I perioden 2014-2016 vart det sett av 218 millionar kroner til pass og ID-prosjektet. Fleire fristar har blitt brotne. Det vil koste politiet ca. 378 millionar kroner meir enn planlagt dersom dei klarer å halde den ferskaste fristen, som er sett til 2020.

På toppen av dette kjem ombygging av passkontor med ein prislapp på 120 millionar. Justisdepartementet har vedteke at det skal etablerast 77 pass- og ID-kontor i Noreg, pluss eitt på Svalbard.

– Bankkort som ID eit særnorsk fenomen

– Eg trur eg kan seie på vegne av heile banknæringa at vi er svært skuffa over at dette tek så lang tid, seier teknologidirektør Reiel Haugland i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Teknologidirektøren fortel at bankkort med bilete frå bankane si side aldri var meint å vere eit ID-produkt. Han kallar det eit særnorsk fenomen og seier det heng igjen frå tida med sjekkhefte.

Reiel Haugland

FJERNA BANKKORT MED BILETE: Teknologidirektør Reiel Haugland i Sparebanken Sogn og Fjordane har venta lenge på nye ID-kort og er skuffa over at myndigheitene ikkje held fristane.

Foto: Marita Solheim / NRK

– Bankkort fungerer ikkje som legitimasjon i utlandet. Dessutan eksisterer det ikkje sikkerheitselement på bankkortet og det er enkelt å forfalske, ifølge Haugland.

Vidare fortel han at Sparebanken saman med fleire norske bankar tok avgjerda om å fjerne bankkort med bilete for nokre år sidan. Det var basert på større behov for sikkerheit og lovnader frå myndigheitene om at programmet «Nye pass og ID-kort» (NPID) skulle vere ferdig i 2016.

– Heile problemstillinga hadde vore løyst om ID-korta vart lansert då, seier teknologidirektøren. Sjølv om prosjektet er forsinka, kan ikkje bankane ta på seg rolla som ID-utskrivar. Det meiner han er uforsvarleg.

– Det er dyrt for oss og det krev ein ekstrem kvalitetskontroll. Det bør ikkje vere bankane sitt ansvar, meiner Haugland, som var letta då dei fjerna bileta.

– Ikkje godt nok planlagt

Eva Sjøholt-Sandvik, visepolitimeister i Politidirektoratet, fortel at endringar i det internasjonale trusselbiletet har ført til strengare krav til kompetanse, system og rutiner på ID-området.

Eva Sjøholt-Sandvik

TEK SJØLVKRITIKK: Eva Sjøholt-Sandvik i Politidirektoratet vedgår at pass- og ID-prosjektet ikkje var godt nok planlagt frå starten av.

Foto: Politiet

Kvifor tar det så lang tid å lansere ID-kort og nye pass? Kvifor held de ikkje fristane?

– Grunnen til at dette framleis ikkje er klart er at overgangen til nytt system i politiet er ein omfattande prosess. Det handlar mellom anna om utvikling av nytt utstyr, endringar i regelverk og omorganisering i politidistrikta.

– Vi tek sjølvkritikk på at dette ikkje var godt nok planlagt i dei opphavlege tidsplanane, seier Sjøholt-Sandvik.

Risiko for ID-tjuveri

Det er ikkje alle som har førarkort. Å bruke pass som legitimasjon i kvardagen er vel motstridande med målet om å auke sikkerheita og hindre ID-tjuveri?

– Pass er det sikraste ID-dokumentet vi har i Noreg. Det er likevel ikkje ei ideell løysning at enkelte må nytte passet som legitimasjon i kvardagssituasjonar, meiner Sjøholt-Sandvik.

Teknologidirektøren i Sparebanken Sogn og Fjordane meiner problemstillinga er den same for alle ID-produkt.

– Du bør vere påpasseleg når du har med deg eit ID-dokument som kan misbrukast gjennom ID-tjuveri, seier han.

Tyssekvam har ved fleire høve fått godkjent det gamle bankkortet som ID-bevis, sjølv om det ikkje er gyldig. 21-åringen forstår derfor argumenta om at bankkort med bilete er risikabelt. Ho er skuffa over at det tek så lang tid før ID-korta blir lansert.

– Eg tvilar på at ID-kortet er klart i 2020, seier ho.

Ole Anders Ulsrud

STABILE TAL: Ole Anders Ulsrud i NorSIS ser på omfang av ID-tjuveri.

Foto: NorSis

Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) gjennomfører årleg ei undersøking der dei kartlegg omfanget av ID-tjuveri. Seniorrådgjevar Ole Anders Ulsrud påpeikar feilmargin, men er glad for at tala held seg stabile.

Sjøholt-Sandvik i Politidirektoratet seier at falsk identitet utgjer ein betydeleg risiko. Med fleire sikkerheitselement vil ein lettare kunne avdekke forsøk på dette. Legitimering med pass blir vurdert som den beste løysninga fram til dei nasjonale ID-korta blir lansert.

Justisdepartementet bekreftar tidsplanen, men ynskjer ikkje å kommentere saka ytterlegare.