NRK Meny
Normal

Slepp unna oljearbeidsløysa

Sogn og Fjordane er førebels lite påverka av nedgangen i oljeverksemda, iallfall når det gjeld talet på arbeidsledige.

Årdal Carbon-tilsett

ANNLEISFYLKET: Låg kronekurs gjer at t.d. aluminiumindustrien har gått godt siste året. Dette biletet er frå Årdal Carbon på Årdalstangen.

Foto: Hydro Aluminium

Ved utgangen av juli er 1143 personar i fylket heilt utan arbeid, ein auke på 23 frå same tidspunktet i fjor (to prosents auke).

Det ser heilt annleis ut for Sogn og Fjordane enn det gjer for grannefylka, seier fungerande direktør Tove Rygg i NAV Sogn og Fjordane.

For i Rogaland auka arbeidsløysa det siste året med 65 prosent, i Hordaland med 26 prosent, og i Møre og Romsdal med 18 prosent. Totalt for landet er auken på sju prosent.

Tove Rygg

- LITE PÅVERKA AV OLJENEDGANG: Fungerande NAV-direktør Tove Rygg.

– Den store auken i nabofylka har samanheng med situasjonen i oljeindustrien. Sogn og Fjordane har lite av oljeretta verksemd og går difor stort sett klar av dei negative verknadene. Samstundes nyt eksportnæringane i fylket godt av den låge kronekursen, seier Rygg.

Lågast i landet

Dette gjer at Sogn og Fjordane er det fylket i landet som har den desidert lågaste arbeidsløysa.

Og best er utviklinga i aluminiumkommunen Årdal, der talet på arbeidsledige gjekk ned med 34 frå juli i fjor. Førde og Flora er kommunane med størst talmessig auke i arbeidsløysa med høvesvis 25 og 24 fleire utan arbeid.

Mange ledige innvandrarar

400 av dei 1143 som er heilt utan arbeid i Sogn og Fjordane er innvandrarar. Tove Rygg arbeider til dagleg som leiar av Arbeidslivssenteret og for eit inkluderande arbeidsliv.

– For næringslivet er det viktig å sjå mangfaldet i dei som står utanfor. Om det ikkje er ei krise for Sogn og Fjordane, så er det vanskeleg for den einskilde som står utan jobb. Vi er ofte litt skeptiske, men mange av dei arbeidsplassane som lukkast har eit stort mangfald av tilsette.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote