Hopp til innhold

Kjempevekst for Hydro i Sogn

Metallverka i Årdal og Høyanger legg fram solide overskot etter første halvår, og begge verka har ein kraftig vekst både i omsetnad og resultat i høve til i fjor.

Hydro Aluminium Årdal Metallverk

PENGANE RENN INN: Årdal Metallverk har eit resultat på over 300 millionar kroner dei første seks månadene i 2015.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Årdal Metallverk hadde ved utgangen av andre kvartal i år eit overskot på 129 millionar kroner før renter og skatt. Halvårsresultatet er på 306 millionar kroner. I Høyanger var overskotet på 105 millionar kroner i første halvår, i andre kvartal var det på 55,4 millionar.

Tener gode pengar

Resultatet for Årdal Metallverk er 119 millionar kroner betre i andre kvartal enn i same periode i fjor. Fabrikksjef Egil Fredriksen er godt nøgd med resultatet så langt, sjølv om det har gått noko ned frå første kvartal.

– Vi tener gode pengar samanlikna med fjoråret. Første kvartal var veldig bra. Andre kvartal har gått litt ned, men det skuldast første og fremst at metallprisane har gått ned. Samtidig får vi god hjelp av dollarkursen, seier han.

– Korleis ser resten av året ut?

– Metallprisen er under 1700 dollar tonnet, så tredje kvartal vil ikkje vere så god. Men dollarkursen er god, seier Fredriksen.

Driftsinntektene første halvår var på 2,2 millionar kroner. Det er ein auke på 536 millionar frå same periode i fjor.

Wenche Eldegard

SOLIDE TAL: Fabrikksjef Wenche Eldegard ved Høyanger verk er godt nøgd med halvårsresultatet.

Foto: Johan Moen / NRK

Stor auke i Høyanger

Også i Høyanger kan metallverket legge fram solide tal i dag. Overskotet er på 105,2 millionar før skatt første halvår i år. På same tid i fjor var overskotet 16 millionar kroner.

Fabrikksjef Wenche Eldegard er naturleg nok nøgd med tilstanden.

– Det er veldig mykje å gle seg over når vi no legg fram resultatet for første halvår. Det er prega av gode aluminiumprisar, spesielt i første kvartal, det er også prega av ein sterk dollarkurs. Og så er drifta hjå oss veldig god, og arbeidet vårt med for å bli stadig betre går også godt.

Dette arbeidet gjer at Hydro i Høyanger greier å halde kostnadene nede, dermed blir det fort store tal på rett side etter at prisane på aluminium steig vesentleg for snart eitt år sidan.

I tillegg går stadig meir av produksjonen til bilmarknaden, og der er prisane høgare. Men Wenche Eldegard tek ikkje for gitt at dei gode tidene vil vare.

– Det er stor uvisse på den europeiske marknaden, vi veit at aluminiumprisen er svekt litt, og det vil og vere tilfelle i andre halvår, så resultatet framover vil ikkje vere så bra som det var i første halvår.