Hopp til innhold

Tru på at oljen framleis vil tene fylket

Trass dystre spådomar melder dei oljerelaterte verksemdene i Sogn og Fjordane om vekst og optimisme.

Fjord Base, Botnaneset i Florø

IKKJE HEILSVART: Oljeforsyningsbasen på Botnaneset i Florø opplever i desse dagar nedbemanning. Likevel viser ei undersøking optimisme i næringa.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Stein Kvalsund

FRAMTIDSTRU: Stein Kvalsund i Maritim Forening ser lyst på tala som kjem fram i Verdiskapingsanalysen.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Ikkje berre er det stor optimisme blant næringsaktørane i Sogn og Fjordane, det har også kome nye aktørar til som ønske å satse på oljerelatert verksemd, seier Stein Kvalsund, leiar i Maritim Forening Sogn og Fjordane.

Han viser til konklusjonane i Verdiskapingsanalysen PwC har gjort for foreininga.

Fleire lever av olje- og gassindustrien

162 bedrifter i fylket er i dag leverandørar av produkt og/eller tenester til petroleumsindustrien, mot 102 ved førre Verdiskapingsanalyse. Omsetnadstala ser også positive ut i analysen; Den kom på 4,86 milliardar kroner i 2013, og prognosane for 2014 og 2015 tilseier 5,5 milliardar.

– Av rekneskapstal er dei siste tala frå 2013. I tillegg kjem prognosar for 2014 og 2015. Det er ikkje ei forseinking her, at nedgangen endå ikkje er registrert?

– Det er godt mogleg, men ifølge PwC som har gjort analysen skal det vere rimeleg stor tryggleik i prognosen som ligg føre, seier Kvalsund.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Jan Heggheim

MANAR TIL OMSTILLING: Fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim (t.v.) trur mykje av leverandørindustrien kan finne nye kundegrupper innan havbruk.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Omstilling

Når det gjeld kva som er styrkane til Sogn og Fjordane nemner han omstilling som det viktigaste. Og her vil Maritim foreining hjelpe til.

– Vi har eit prosjekt i samarbeid med Innovasjon Norge. Som ein av 13 i Noreg har vi fått tildelt midlar til eit eige kompetanse- og utviklingsprosjekt. Så no har vi begynt å kartlegge kva bedriftene i fylket har behov for av kompetanse, og korleis dei kan bruke denne for å kome i posisjon.

Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring, peikar også på omstilling.

– Sjølv om det skulle svinge litt i olje- og gassindustrien så er det mange andre ting desse bedriftene har kompetanse på. Havbruk og fornybar energi er to døme.

Han viser til tilsvarande tal for leverandørverksemder til havbruket i fylket; 23 bedrifter, 147 årsverk og ei verdiskaping på 240 millionar. Tilsvarande tal for den oljerelaterte næringa er 161, 1740 og 1,7 milliardar.

Båtbygg på Raudeberg

MERKAR LITE: Båtbygg på Raudeberg i Vågsøy-

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Leverandørindustrien er som vi ser her mykje større enn den i havbruket, men det fortel også at det er eit stort potensial for leveransar til havbruk.

Nokre merkar alt nedgang

Båtbygg i Måløy leverer både til offshore og fiskeri, høvesvis ca. 40 og 60 prosent. Dei har ikkje merka noko til nedgangen i oljesektoren endå.

– Men så er jo vår horisont relativt kort. Det går stort sett i kontraktar med ei lengd på 3–6 månader. Enn så lenge ser det greitt ut, seier Kenneth Sekkingstad i Båtbygg.

Østerbø Maskin

MERKAR NEDGANG: Østerbø Maskin på Høyanger sørsida har alt starta omstillinga.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Østerbø Maskin i Høyanger har derimot starta på omstillinga.

– Det har vore ein merkbar forskjell. Vi har vore gjennom ei stor endring, og har halvert den oljerelaterte verksemda vår. No held vi på med ein stor strategiprosess som vi satsar på å fullføre til sommaren. Vi har spennande ting på gang, seier dagleg leiar Steinar Holen, som legg til at dei likevel endå ikkje har gitt opp olja.