Hopp til innhold

Slår full økonomialarm i Helse Førde

Pengebufferen i Helse Førde er i stor grad brukt opp. No må helseføretaket kutte.

Akuttmottak Førde sentralsjukehus.

MANGLAR PENGAR: Helse Førde manglar pengar og er tre millionar bak budsjett. Det kan råke tilsette, sengeplassar og innkjøp av utstyr.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Helse Førde ligg tre millionar bak budsjett i det nye året. Pengane på sparegrisen til helseføretaket er i stor grad brukt opp.

– Færre pasientar ligg over på sjukehuset for behandling, medan vi ser ei auke i behandling på poliklinikkar. Det gir oss lågare inntekter, seier styreleiar i Helse Førde, Agnes Landstad.

Helseføretaket risikerer no store månadlege underskot utover hausten 2017.

– Det er lite vi kan gjere med inntekta i helsetenesta, men vi kan gjere noko med utgiftene, meiner Landstad.

På fredag var det styremøte i Helse Førde. No blir det vurdert kutt av sengeplassar.

– Vi gav administrasjonen ei bestilling på å vurdere og greie ut ein reduksjon i sengekapasitet. Det kan vere å slå saman eller samlokalisere sengepostar. Eller å utvide feriestenging, seier ho.

Agnes Landstad

BER ADMINISTRASJONEN VURDERE KUTT I SENGEPOSTAR: Styret i Helse Førde, og styreleiar Agnes Landstad, har bedt administrasjonen om å vurdere ein reduksjon av sengepostar.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Kutt vil råke tilsette

Styret i helseføretaket ber no om ei utgreiing som vil vere klar til juni. Blir det kutt av sengeplassar, vil dette også bety kutt av tilsette.

– Vil vi reduserer sengekapasiteten i den størrelsen som vi snakkar om, så vil det få konsekvensar for dei tilsette, seier Landstad.

Korleis vil dette råke pasientane?

– Når behovet for sengekapasitet går ned, så betyr det at vi får ledig kapasitet på sengepostane våre. Det ser ut til å vere ein moglegheit å drive meir effektivt utan at dette vil råke pasientane.

Styreleiar trur ikkje utbygging står i fare

Det er store planar om å byggje ut Førde sentralsjukehus for 1,5 milliardar kroner dei neste ti åra.

Landstad meiner den økonomiske situasjonen ikkje vil truge ei utbygging.

– No har vi tid på oss til å kvalitetssikre både tal og analysar. Vi har tid til å justere om det blir behov for det. I mellomtida må vi kutte kostnader, seier ho.

Heller ikkje ventetid for pasientane uroar styreleiaren.

– Ventetid er per no den gode nyhenda i Helse Førde. Vi ligg veldig lågt på både ventetid og korridorpasientar. Det er ikkje den store bekymringa, seier Landstad.