Hopp til innhold

Har sett inn fleire legar etter refs

FØRDE (NRK): Etter å ha fått kritikk for å vere for treig med behandling av blodforgifta pasientar, har Helse Førde no tatt grep.

Trine Vingsnes og Tom Ole Dyrstad på akuttmottaket ved Førde sentralsjukehus

SET INN FLEIRE FOLK: Trine Vingsnes og Tom Ole Dyrstad på akuttmottaket ved Førde Sentralsjukehus seier at dei no set inn fleire folk for å gje raskare behandling for blodforgifting.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

I eit tilsyn på akuttmottaket (AMK) våren 2016 vart det avdekt at pasientar med sepsis (blodforgifting) og organsvikt ikkje fekk behandling med antibiotika innan dei tidsfristane som er fastsette.

I tillegg var det ikkje nok sjukepleiarar på plass for å kunne prioritere rask undersøking av pasientar i periodar med stor tilstrøyming av pasientar.

No har Helse Førde svart Fylkesmannen og rapporterer at dei har sett i verk tiltak som skal bøte på på desse to avvika.

– Vi har fått ei høgare sjukepleierbemanning på dei tidene der det normalt er mest travelt, seier leiar for medisinsk avdeling på akuttmottaket Trine Vingsnes.

Les også: To av tre med blodforgiftning får ikkje den hjelpa dei skal ha

Akuttmottak Førde sentralsjukehus.

AKUTTMOTTAKET: På akuttmottaket ved Førde Sentralsjukehus kjem det inn folk som treng behandling med ein gong, og når det er tale om blodforgifting, skal det helst ikkje gå meir enn ein time før ein får behandling

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Skal ha behandling innan ein time

Når ein har blodforgifting, spreier farlege bakteriar seg i blodet i raskt tempo, og det er viktig at ein får rask behandling med antibiotika. Tidlegare har det vorte avdekka at heile to av tre pasientar i Helse Vest ikkje får rask nok behandling for blodforgifting.

Vingsnes fortel at sjølv om dei no har bemanna opp, kan ho ikkje garantere at alle vil bli behandla innan fristen, som er på ein time.

Førde sentralsjukehus, akuttmottak
Foto: Oddmund Haugen / NRK

– No set vi inn fleire folk i tidsrom der det gjennomsnittleg er meir travelt, mend det kan jo framleis kome skikkeleg trykk tidleg på morgonen ein dag, og då kan vi ikkje garantere at folk får behandling innan ein time.

Ho presiserer også at det etter kvart vil vere naudsynt med nye tilsyn for å sjå om dei tiltaka om dei no set i gang, har fungert som dei tenkte.

Les også: Storkontroll av sjukehus etter fleire døde av blodforgiftning

Inne på akuttmottaket på Førde sentralsjukehus

OPPBEMANNAR: No set akuttmottaket inn fleire folk for å gje raskare behandling, men ved akutte situasjonar og stort trykk, vil det likevel kunne oppstå situasjonar der ein ikkje får så rask behandling som det ein har krav på.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Legar kom for seint

Dei har funne ut at viktigaste årsaka til at pasientar får antibiotika for seint er at legen kom for seint til akuttmottaket. Frå september 2016 har det vore ein ekstra turnuslege på dagvakt og ein ekstra turnuslege på mellomvakt i akuttmottaket.

I tillegg er minimumsbemanninga på seinvakt i akuttmottaket auka frå fire til fem. Når talet på pasientar er større enn talet på sjukepleiarar skal ein sjukepleiar prioritere kven som skal få hjelp først.

Trine Vingsnes er nøgd med dei tilsyna som har vorte ført frå fylkesmannen si side, og seier at det alltid vil vere naudsynt å kontrollere korleis ein ligg an med måla sine.

– Det er ikkje realistisk å seie at vi alltid skal klare å gje lynrask behandling. Om det har vore ei stor trafikkulukke, så vil det uansett kunne ta tid å gitt folk til dømes antibiotika, sjølv om fristen er ein time. Likevel må vi prøve å kome så tett opp mot dei måla vi har, som mogleg.