Hopp til innhold

Skredvarslinga: – Unngå lesider mot sør og sørvest

Det er betydeleg skredfare i fylket i dag. Fleire hadde vald å unngå skredfaren og køyrde trygt på ski i skianlegg i finvêret.

Skikøyrarar i hodlekve

LAUSSNØ: Ein hard såle har fått eit dekke med laussnø etter den første stormen i 2017. Mot helga er det venta meir snø i fylket. Her testar Mathilde Friid og Fred Thomas-Bowman snøen som fall i går og i natt.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Dei siste dagane har det komme mykje påfyll av snø rundt i landet.

Mykje snø i kombinasjon med mykje vind gir stor skredfare, og skredvarslarane oppfordrar folk til å vere forsiktige.

Her i fylket vurderer snøskredvarslinga at det er betydeleg skredfare. Dei har sett faregraden til tre.

– Det er betydeleg snøskredfare fordi det har komme ganske mykje snø. Det e mellom 20–40 centimeter i kombinasjon med kraftig vind. Då dannar det seg ustabile nysnøflak i leformasjonar, fortel Emma Barfod som er vaktleiar på NVE si snøskredvarsling.

Ho oppfordrar alle til å vere forsiktige når dei ferdast ute på denne faregraden.

Også på Sørlandet har det komme mykje snø, og det gjekk eit snøskred i skisenteret Hovden i føremiddag.

Truleg vart ingen tekne i skredet.

Valde skitrekkøyring framfor tur

I Sogndal skisenter Hodlekve jublar dei for påfyll i både langrennsløypene og i alpinbakkane. Dei med ski på beina jubla også, sjølv om føret var noko varierande.

– Det er eigentleg ganske så bra. De ter godt underlag, og litt lenger nede i bakkane er det eit godt lag med «laussjogg» som er artig å leike seg i, fortel Inga Britt Morken som står på toppen og er klar for å sette utfor.

Ho er innom si gamle studiebygd for å stå litt på ski før skulebenken ventar att om ei veke.

Sidan varsom.no melde om faregrad tre, enda Morken og skikompisane med å reise i skitrekket i dag.

– Det er ein grunn til at vi er her i skitrekket i dag. Vi såg litt på skredvarslinga før vi reiste og vurderte ein tur på Svartholten eller Togga. Men det var på feil side i høve til kvar det er skummelt i dag, så då tenkte vi det var sikrare å berre reise i trekket, fortel ho.

skikøyrar i hodlekve

SOGNDAL: Ytre delar av fylket har fått enda meir snø enn det har komme i Sogndal. Stryn vinterski meldte om 70 cm over få dagar i starten av veka.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Skredvarslinga: – Pass opp for leheng

Det går framleis an å gå på tur om det er skredfare, men ein må vere ekstra observant, fortel Emma Barfod på snøskredvarslinga.

– Sjå etter kvar vinden fraktar snøen, inn i leformasjonar. No har det blåse frå nors od nordvest, så då fraktar den snøen inn i sør og sørvestvendte leformasjonar. Så der må ein vere ekstra forsiktig.

Barfod fortel at ein kan prøve å unngå skredfare om ein held seg unna skredterreng.

– Altså terreng som er 30 grader eller brattare eller utløpssoner for skred, seier snøskredvarslaren.

I morgon er vêret venta å verte meir stabilt, og då vil snøen stabilisere seg og skredfaren minke. Men mot helga ventar det meir vêr, så følg med på varsom.no for oppdatert varsel.

Skitrekk hodlekve

SOL: Vêrgurdane diska opp med sol til dei som har strekt juleferien litt inn i 2017 og nyttar dagane på ski.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK