Skiløpar følgde ulvespor i fjellområde

Statens naturoppsyn er no ute og leitar etter at ein skiløpar følgde det som truleg er ulvespor i fjellområda mellom Fjaler og Hyllestad.

Mogleg ulvespor, Drivafjellet i Fjaler

SPOR: Er det ulv som har vore på ferde på Drivafjellet i Fjaler?

Foto: Torbjørn Espedal

Sidan i fjor sommar har sauebønder vore redde for og styresmaktene klar over at det er minst ein ulv som har herja i saue- og hjorteflokkar i områda mellom Ytre Sunnfjord og Ytre Sogn.

No er Statens naturoppsyn (SNO) ute på ein ny runde i fjellet for å prøve å sikre spor etter ulven.

– Det var ein som var ute på ski og han observerte eit større spor som han hadde følgd. Storleiken på sporet er innanfor storleiken på ein ulv. Vi får sjå kva vi klarer å finne ut, seier Rein Arne Golf i SNO til NRK.

Han vedgår at dei no leitar litt tilfeldig, men at dei mellom anna oppsøker område der hjorten beitar no om vinteren.

– Det er mest som å leite etter nåla i høystakken, men det er betre at vi gjer noko enn at vi ikkje gjer noko, seier Golf.

Nye tips

Tysdag har det vore glimrande forhold for å leite etter spor etter ulven, med sol, vindstille og nysnø. Når NRK snakkar med Golf ved 19-tida har vore ute og undersøkt nye moglege spor i same området.

– Vi er vel rimeleg sikker på at desse siste spora kjem frå ein hund. Vi har og vore i kontakt med eigaren som stadfestar at hunden har vore laus i dette området, seier Golf.

– Kan det vere denne hunden som og har vore på ferde på Drivafjellet?

– Nei det trur eg ikkje, men ein kan aldri utelukke hund når det gjeld ulvespormeldingar. Vi klarar ikkje å skilje hundespor frå ulv, og eg avhengige av å følge spora over tid for å fastslå kva det er, seier Golf.

Lam truleg skadd av ulv

ULVESKADE: Dette lammet blei offer for ulv i Hyllestad i fjor.

Foto: Privat

Ikkje DNA

Når det gjeld sporfunna frå Drivafjellet, som SNO fekk tips om i helga, så kan det framleis vere ulv.

– Men det var diverre kome for mykje snø i spora til at kunne undersøke dei.

Med tanke på kor mykje hjort som er i området meiner Golf det ikkje er utenkeleg at ulven frå i sommar kan ha blitt verande i området.

– Ut ifrå tilgangen på mat så kan ein forvente at ulv kan slå seg til. Vi går ut ifrå at han er åleine og vi har tidlegare fått slått fast gjennom DNA-prøvar at det er ein hannulv, seier Golf.

Og det har heller ikkje vore råd å finne DNA frå dei siste spora på Drivafjellet.

– Nei, diverre har vi ikkje fått inn DNA-spor der, seier Golf.

Dersom nokon andre ser spor, ber SNO om at folk melder frå.

– Vi kjem primært til å reise ut når det blir gjort observasjonar, men vi kjem også til å gjere sporing på eige initiativ, seier Golf.

FANN SPOR: Skiløparen var i området ved Drivafjellet då vedkomande oppdaga det som mest truleg er ulvespor.