Hopp til innhold

Håper ny strategi vil gjere det lettare å seie nei til cruiseskipa

Reiselivsaktørar i cruisenæringa samla seg onsdag for å meisle ut ein felles strategi for å betre lønsemda og reguleringa av cruisetrafikken til Vestlandet.

Trond Amland

FELLES STRATEGI: Trond Amland har fått ansvaret med å leie arbeidet med å få til ein felles cruisestrategi for heile Vestlandet.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Fleire har sagt dei ønskjer ein betre kontroll over det å kunne seie nei til cruisetrafikken, og mogelegheita til å regulere trafikken betre sjølv. I dag er det regulert i nasjonal lovgjeving, seier prosessleiar Trond Amland.

Det er Vestlandsrådet som står bak utarbeidinga av ein cruisestrategi for Vestlandsregionen. Hovudmålet er at strategien skal ta omsyn til ei berekraftig utvikling for reiselivsnæringa og lokalsamfunna. Størrelsen på hamnene gjer utfordringane ulike.

Ulik størrelse gir ulike utfordringar

– Berre i Vestlandsregionen har vi 17 hamner som varierer i størrelse. Dei har ulike utfordringar og ulike mogelegheiter. Det er her vi må prøve å finne fram til kva det offentlege skal gjere, kva skal næringa gjere og kva vi kan gjere saman for å få ei berekraftig utvikling, seier Amland.

Cruiseskipet Sinfonia i Flåm

VENTAR FLEIRE SKIP: Til neste år er det venta enno fleire cruiseskip til norske hamner, som her i Flåm. Ein felles cruisestrategi skal sørgje for at gjestene legg att meir pengar, samt at miljøet blir teke betre vare på.

Foto: Halvor Farsund storvik / NRK

Han har allereie vore i Hordaland, Rogaland før han onsdag hadde møte i Sogn og Fjordane. No står berre Møre og Romsdal att, og det blir gjort torsdag.

Fleire har spelt inn at dei ønskjer betre kontroll med det som skjer på land og betre fordeling av trafikken slik at ikkje alle cruisa kjem på same tid. I tillegg blir sesongforlenging og trafikk utanfor sommarsesongen dratt fram som viktig for næringa.

– Og ikkje minst vintercruise, og at dette skjer på ein miljømessig måte. Dei vil vere strengare mot næringa, seier Amland.

– For næringa har skapt debatt?

– Ja, den skaper mykje debatt og det har den gjort dei seinare åra. Trafikken har auka og vi har kanskje ikkje vore så godt budde på det. Eg trur alle er samde om at cruisenæringa er komme for å bli, men at det handlar om å balansere dette i framtida.

Veksten i næringa har vore stor

– Det har vore ein veldig vekst i cruisetrafikken dei siste åra, og Vestlandet har om lag 70 prosent av cruisetrafikken i landet. Difor er det ønskeleg med ei bevisst haldning til vidare utvikling av cruise på Vestlandet, seier Amland.

På reisa til dei ulike fylka har han fått med seg fleire tilbakemeldingar han vil ta med seg vidare.

– Vi har invitert næringa til å komme med innspel og synspunkt. Dei varierer, men dette med miljøomsyn står sentralt og betre lønsemd i den landbaserte reiselivsnæringa. Det vil seie at cruiseturistane må legge att meir pengar når dei er i land, seier han.

Like over nyttår er det planlagt at eit forslag til ein felles cruiseplan blir lagt fram til handsaming.

– Vi vil ta den tida det treng for at alle skal bli høyrde, og gjere eit grundig arbeid for å få forankra dette. Men planen er å legge fram eit forslag like over nyttår.