Både i Sogn og Nordfjord reknar cruisehamnene med ein auke i tal anløp og passasjerar neste år
Assisterande hamnesjef Jon Olav Stedje i Flåm trur at dei vil kunne få til ein auke trass i at maks kapasitet per dag er nådd.
– Sesongen blir lengre, det blir fleire anløp i skuldersesongen. Neste år har vi 158 førehandsmelde skip så langt.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
Avgrensar tal passasjerar
Den utvida sesongen gjer at dei kan halde fram med eit tak på to skip maks 5000 turistar om dagen.
– Det handlar om korleis det er for oss som bur i Flåm og om komforten til gjestene som kjem hit. Dei får ei meir positiv oppleving når det ikkje er så stor pågang. Vi prøver å avgrense talet på passasjerar per dag.
I 2015 har det vore rundt 14 prosent nedgang i talet på anløp, samanlikna med fjoråret. Årsaka er mellom anna at det etter nyttår vart innført eit miljødirektiv med strengare krav til utslepp frå skipa. Men no peikar pilene oppover. Porognosane tilseier ein auke i Flåm på 20 prosent neste år.
AUKE I OLDEN: Det er venta 21 fleire skip til Nordfjord i 2016. Her er Independence of the Seas ved kai i Olden.
Foto: Arne Vik21 fleire skip til Olden
Også i Olden ser det ut til å bli auke. 76 skip er førehandsmelde i 2016, mot 55 i år, og passasjertalet vil auke frå 97.000 til 125.000, seier direktør Trond Garshol i Nordfjord Havn.
– Dei byggjer fleire skip. Frå 2015 til 2019 blir det 30 nye skip, det kan vere ein av grunnane.