Hopp til innhold

Skal brøyte for harde livet for å hindre at Årdal blir isolert

ÅRDAL (NRK): Vegen over Tyin er no den einaste som held Årdal sine vel 5000 innbyggjarar saman med resten av verda. No er det venta store mengder snø, og Vegvesenet set inn ekstra styrker for å hindre at vegen blir stengt.

Ras i Årdal

RAS: Det gjekk eit stort steinras i Årdal torsdag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi set inn eit ekstra trykk på brøytinga på vegen Årdal-Tyin, no. Ekstra mannskap og ekstra trykk, seier Geir Indrebø i Statens vegvesen.

Kan vi hamne i den situasjonen at heile Årdal blir isolert?

– Det kan skje, men vi set inn ekstra folk no, seier Indrebø.

Etter det store steinraset på fylkesveg 53 mellom Årdal og Fodnes torsdag, har hovudvegen inn til industribygda vore heilt stengt. Omkøyringa går vi Tyin, og er ein stor omveg.

Søndag skal det kome store mengdar snø på fjellovergangen, som i verste fall kan bli stengt den og.

Mellom anna på bedrifta Norsun har dei vore frustrerte over den stengde vegen, sidan mange av dei tilsette pendlar frå nabokommunane. No kan altså bli endå verre.

Kan bli seinare enn søndag

Fredag gjekk det meste av dagen med på å spyle fjellsida over raset, for å reinske vekk lausmassar.

– Det kom ned meir stein enn vi hadde trudd under spylinga. Laurdag må vi opp med nokre folk som må få ut småstein og lause tre, seier Rune Dvergsdal i Vegvesenet.

Spyling i fjellsida over raset i Årdal

REINSKAR FJELLSIDA: Vegvesenet brukar vassmassar til å reinske fjellet over raset i Årdal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Dvergsdal forklarer at det meste av morgondagen vil gå med på det arbeidet, og det vil ikkje vere mogleg å kome i gang med rydda av sjølve vegen før arbeidet i fjellsida er ferdig.

– Så det er mykje som står att endå. Eg kan ikkje love at vegen blir opna opp att på søndag heller.

I verste fall kan vegen vere stengt ut i neste veke?

– Ja, det kjem an på korleis arbeidet i fjellsida går. I verste fall må vi inn med større helikopter og kraftigare spyling, seier Dvergsdal.