NRK Meny
Normal

Fabrikksjef: – Dette er heilt kritisk for oss

Vegstenginga etter det store steinraset i Årdal får store konsekvensar for både bedrifter og privatpersonar.

Steinar Talle

HÅPAR PÅ FORTGANG: Fabrikksjef Steinar Talle håpar vegen frå Årdal til Fodnes opnar så fort som mogleg.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi har veldig mange tilsette som pendlar frå nabokommunane Lærdal og Sogndal. Når vi har folk på jobb døgnet rundt, er denne stenginga ein stor byrde for oss, seier Steinar Talle.

Han er fabrikksjef på Norsun i Årdal. Dei produserer silisiumsplater til solcellepanel, og har meir enn 100 tilsette. Når vegen inn til industribygda no er stengt av eit stort ras, er det ei stor ulempe for bedrifta, seier Talle.

– Det er ein stor omveg for dei tilsette å kome seg på jobb vi omkøyringa, og det utløyser kostnader og overtid for oss.

Klokka ni i dag skal det kome ein geolog til rasstaden for å undersøke forholda. Frå før er det meldt at det kan vere rasfare i området. Vegvesenet har skissert at vegen kanskje opnar ein gong på laurdag.

– Det tykkjer eg er altfor dårleg. Her er det berre å hive seg rundt og setje i gang med oppryddingsarbeidet. Dette får store konsekvensar for bedriftene og for heile bygda, så det er ikkje noko å vente på, seier fabrikksjefen.

Ras ved Finnsåstunnelen i Årdal

STORT RAS: Raset på fylkesveg 53. i Årdal sperrar heile vegbana.

Foto: NRK-tipsar

Må vente på lyset

Vegvesenet forsikrar at dei gjer jobben så fort som råd er. Før dei kan ta fatt på oppryddingsarbeidet må likevel ein geolog undersøke området, og det kan ikkje skje før det er lyst fredag føremiddag.

Planen er at ein geolog skal kome til rasstaden rundt klokka ni for å undersøke om det er fare for fleire ras, eller om det er trygt å byrje med oppryddinga.

– Geologen vil bli frakta til raset med helikopter, for å sjå om det er naudsynt å spyle eller renske meir i fjellsida, seier Rune Dvergsdal i Vegvesenet.

Torsdag vart det sendt ut dykkarar frå Bergen for å undersøke sjøen rundt vegen, men dei vart sendt heim att etter at det vart bestemt at det var for mørkt og farleg å arbeide. Det er endå ikkje kjent om det vil bli gjort dykk fredag.

Bussane går ikkje

Fylkesveg 53. er ein viktig veg for dei vel 5000 menneska som bur i Årdal, og for folk som pendlar inn til kommunen. Stenginga av vegen fører til at alle bussane frå Lærdal og Sogndal er innstilt.

Det blir ikkje sett opp båt eller ferje for å kome forbi rasstaden. I staden vil det fredag gå bussar via omkøyringa over Tyin.