Hopp til innhold

Druknar i søknader - krevjande å plukke ut turnuslegar

722 kommande legar har søkt turnusplass ved dei tre sjukehusa i Helse Førde. Dette fører til stor arbeidsbelastning for sjukehusa.

Førde sentralsjukehus
Foto: NRK

Hans Johan Breidablikk

Hans Johan Breidablikk og resten av tilsetjingsgruppa har brukt mykje tid på den store søknadsbunka.

Foto: Helse Førde

Fagdirektør Hans Johan Breidablikk seier til Bergens Tidende at helseføretaket ikkje har stort nok apparat til ei så stor søknadsbunke.

– Det er svært krevjande å behandle så enormt mange søknader, seier han til avisa.

Brukte evnetestar

For første gong er det no slik at legestudentane kan søkje seg dit dei helst vil. Før har turnusplassane blitt fordelt på legestudentane ved hjelp av loddtrekning.

Frå i år må alle sjølv søkje seg dit dei vil. Ifølgje Bergens Tidende sender kvar student av garde 18 søknader for å vere sikre på å skaffe seg plass. Fordi det berre er Universitet i Bergen som brukar karakterar på medisinstudiet, kan ikkje dei leggjast vekt på.

I avisa i går kom det fram at Helse Bergen nyttar evnetestar for å skilje søkjarane frå kvarandre.

Vanskeleg arbeid

Breidablikk skulle plukke ut 18 studentar som skal få plass ved eit av dei tre sjukehusa i Sogn og Fjordane.

– Dette har vore eit vanskeleg arbeid. Vi har hatt kort tid på oss til å gå gjennom mange hundre søknader. Det er vanskeleg å rangere søkjarane på ein mest mogleg korrekt måte, seier han.

Dei har lagt vekt på utdanning, eventuelle forskingsarbeid og prosjekt.

– Vi har også sett på tilknyting til området eller om dei kan vere interesserte i å bli verande i fylket, men vi kan sjølvsagt ikkje gi nokon plass på grunn berre på grunn av dette, seier han.