Hopp til innhold

Sjukdom hindrar nye rekordar

– Dette er omtrent botnnivået mitt, seier Marius Vedvik etter 2.-plassen på 3000-meter under friidrettsstemnet på Bislett søndag.

Marius Vedvik på 10.000 meter

LANGT NEDE: Marius Vedvik har fått det tøft dei siste vekene grunna sjukdom. Han håpar likevel å slå sin eigen rekord på 3000-meter før sesongen er over. Arkivfoto.

Foto: Rune Fossum / NRK

Under stemnet KBC Nacht i Belgia i midten av juli var sist gong langdistanseløparen Marius Vedvik frå Førde fekk ny rekord. Etter det har det gått dårlegare, og årsaka er sjukdom som ikkje vil sleppe taket.

Under friidrettsstemnet på Bislett i Oslo søndag sprang han inn til ein 2.-plass på 3000-meter, men han er langt frå nøgd med tida på 8 minutt og 13 sekund.

– Det er 15 sekund unna min personlege rekord. På 1500-meter sprang eg på 3.45, og det er fem sekund unna rekorden, fortel ein skuffa Vedvik.

To sjansar att

Heilt sidan NM i Belgia har han slite med sjukdom. Hadde det ikkje vore for at han allereie hadde bestilt fly til Oslo og hotell, hadde han nok ikkje delteke på Bislett denne helga, fortel han.

– Det er tydeleg at sjukdomen har sett sine spor og at eg ikkje er der eg skal vere. Kroppen er betre no enn under NM førre helg så det er tydeleg at sjukdommen er på veg ut av kroppen.

Han har framleis to sjansar att for å komme åtte minutt på 3000-meter, først i Oslo 29. august og helga etter i Göteborg. Han trur moglegheitene er størst i Sverige.

– Det er fire veker til 3000-meter i Sverige, så om eg får brukt den tida godt og trene normalt, så er sjansen i alle fall 50 prosent for å slå rekorden min. Eg har gode sjansar så lenge eg får trent godt og får sjukdommen ut av kroppen. Kroppen er langt nede no, så eg må bygge den opp igjen, seier Vedvik.

Vil komme seg ned på sjutalet

Det sterke fokuset på å komme under åtte minutt på 3000-meter har to grunnar, ifølgje langdistanseløparen som spring for IL Gular.

– Det var ei barriere for meg å komme under ni minutt for fire år sidan, og det er få som har klart å komme under åtte minutt på 3000-meter. Det sjutalet heng veldig høgt for langdistanseløparar. I tillegg må eg godt ned mot 7.50 på 3000-meter for å kvalifisere meg til internasjonale meisterskap på 5000-meter, så det er både nostalgien ved å sjå sjutalet samstundes som det er veldig god trening for 5000, fortel førdianaren.

Neste løp på lista er Skåla opp neste helg, og trass sjukdomen har Vedvik tenkt å delta.

– Det er seks dagar til, så eg trur det skal gå bra. Eg skal ta det med ro fram til då.