Hopp til innhold

Sjokkert over tilbakemeldingane frå bilistar utan bilbelte

– Eg håper utsegnene kom fordi dei var frustrerte der og då. Eg håper ikkje dette er noko dei kan stå inne for i etterkant, seier inspektør Reidun Tryggestad i Statens vegvesen.

Manglende bilbelte

IKKJE SLIK: Å køyre utan bilbelte kan føre til stor skade på deg sjølv og andre. Illustrasjonsfoto.

Foto: Aina Rødal / NRK

Under ein kontroll i Nordfjord laurdag, fekk fire sjåførar gebyr for å ha køyrd utan bilbelte. To av dei meinte at det var unødvendig å bruke belte i tettbygde strok.

Reidun Tryggestad

SJEKKAR BILISTAR: Reidun Tryggestad i Statens vegvesen er ofte ute på kontrollar.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Med tanke på den kunnskapen vi har, så gir det oss ein tankevekkjar når slike utsegn kjem, seier Tryggestad.

Ho seier det heldigvis ikkje er ofte dei møter folk med slike haldningar, og at det var spesielt med to under same kontrollen som var i ei 50-sone.

– Dei fleste som blir stoppa utan bilbelte seier ofte «eg skulle jo berre ...».

Tilsvarar fall på 10 meter

Men sjølv om til saman fire blei tekne utan bilbelte i går og fekk 1500 kr i gebyr, seier ho at folk stort sett er flinke.

– Vi kontrollerte nesten 400 bilar i går og fire fekk gebyr. Men det er jo fire for mykje, og bodskapen vår er at bilbeltet er det viktigaste tryggleiksutstyret vi har i bilen, med tanke på at beltet skal halde deg fast i setet om det skjer noko.

Ifølgje Statens vegvesen vil ein kollisjon i 50 km/t utan bilbelte tilsvare eit fall på 10 meter.

– Det å tenkje konsekvens er viktig, seier ho.

Kan bli skadd av airbagen

Tidlegare i veka blei rapporten «Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg 2018-2021» lagt fram. Her er det presentert 136 tiltak som skal sørgje for målet om å halvere talet på drepne og hardt skadde i trafikken. Bruk av bilbelte er mellom desse tiltaka.

Ei bilbelteteljing i 2015 viste at om lag seks prosent av dei som sit framme i bilen, ikkje brukte bilbelte på korte turar i byar og tettstader.

Audun Heggestad

TRYGG TRAFIKK: Distriktsleiar Audun Heggestad seier at gode haldningar er viktige.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk meiner det er viktig med gode haldningar uansett kvar ein køyrer.

– Du kan få veldig store skader i ein frontkollisjon om sentrum med låge hastigheiter. Airbagen kan løyse ut og han er meint i kombinasjon med bilbelte. Du kan få endå meir skade i desse tilfella.

Han trur det er kunnskapsmangel som gjer til at folk ikkje tek på seg beltet.

– Ein tenkjer at det ikkje er så stor kraft. Det er dumt, for det er mykje større krefter enn vi anar i ein frontkollisjon, også i sentrum og tettbygde strok. Det er store krefter i sving sjølv med hastigheiter på 30–40 km/t.

Trygg Trafikk har likevel merka at det har vore ei haldningsendring dei siste åra.

– Spesielt når det gjeld sikring av barn i bil. Der er dei aller fleste flinke no.