Hopp til innhold

Meinte at bilbelte var unødvendig

Under ein kontroll i Nordfjord laurdag, fekk fire sjåførar gebyr for å ha køyrd utan bilbelte. To av dei meinte at det var unødvendig å bruke belte i tettbygd strok.

– Dette viser mangel på kunnskap om konsekvensar dersom ein får ein bråstopp i tettbygd strøk. Å kollidere i 50 km/t utan bilbelte, svarar til eit fall på 10 meter. Så vi oppmodar alle om alltid å bruke bilbelte, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Til saman blei 339 køyretøy kontrollerte av politiet og vegvesenet i Deknepollen og på Bryggja og Nordfjordeid. 32 av dei blei vinka inn til nærare kontroll. I tillegg til bilbeltegebyra, var det seks som fekk bruksforbod, ein som fekk vognkortgebyr og to som fekk dekkgebyr.