NRK Meny
Normal

Eldreomsorga under press i Sogn og Fjordane

Arbeidsmengda aukar og køane veks i eldreomsorga. Sjekk korleis din kommune taklar Samhandlingsreformen.

Inghild Mowatt og Jan Helge Dale

NY RAPPORT: Inghild Mowatt og Jan Helge Dale studerer rapporten som fortel at nesten alle kommunane møter utfordringar med Samhandlingsreformen.

Foto: Elias Engevik / NRK

Kommunane i Sogn og Fjordane merkar at eldreomsorga er blitt sett under press som følgje av Samhandlingsreformen.

Krav om tidleg utskriving av pasientar gjer at køane for å få sjukeheimsplass veks.

Den fyrste store rapporten gjort av Helse Førde og KS viser at kommunane strekkjer seg langt for å greie å ta i mot dei utskrivingsklare pasientane, og leverer gode resultat på området. Men krava kan gå ut over andre delar av tilbodet til eldre og pleietrengande.

Mange strevar med å skaffe plass til eldre som treng langtidsplass. Ventelistene veks, og 21 av kommunane må legge pasientar på korttidsopphald på rom med fleire senger.

Kommunane meiner jamnt over likevel at pasientane her i fylket kan rekne med å få ei oppfølging som i det minste er ganske god og tilfedstillande. Svara vert gjevne i haust.

Aurland:

Førekjem skeldan eller aldri at pasientar må på fleirsengsrom etter utskriving. Opplev til ein viss grad at det er blitt auka press i dei kommunale tenestene. Lengre ventetid å få plass på sjukeheim. Meir krevjande å gi naudsynte tenester i heimen.

Askvoll:

Førekjem ofte at ein må legge pasientar på fleirsengsrom etter utskriving. Presset på eldreomsorga har auka i stor grad. Ein har overbelegg på sjukeheimen, og lengre ventetid for å få plass.

Balestrand:

Har ikkje svart på undersøkinga.

Bremanger:

Må av og til legge korttidspasientar på fleirsengsrom. Presset på eldreomorga har auka til ein viss grad. Enkelte gonger kunne den medisinske oppfølginga vore betre. Mykje fungerer også bra. Breiare oppgåver, større utfordringar og engasjement. For lite med tilsynslege på sjukeheimen berre to gonger i veka.

Eid:

Førekjem ofte at ein må legge utskrvingsklare pasientar på fleirsengsrom, presset på eldreomorga har auka til ein viss grad. Lengre ventetid å få plass på sjukeheimen. Vil oftare ha besøk av tilsynslege på sjukeheimen, berre to gonger i veka no.

Oline Sørland og Sølvi Nesbakk Ryland

MERKAR AUKA PRESS: Oline Sørland, her i samtale med avdelingsleiar Sølvi Nesbakk Ryland, flytta til Eid sjukeheim nyleg, og bur seg på ein ny kvardag. – Ikkje bra at folk må vente på plass, seier Sørland

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Fjaler:

Må av og til legge utskrivingsklare pasientar på fleirsengsrom. Presset på eldreomsorga auka i stor grad. Overbelegg på sjukeheimen og lengre ventetid for å få plass. Meir krevjande å gi naudsynte tenester i heimen. Vil ha betre oppfølging av pasientar med demens.

Flora:

Må ofte legge pasientar på fleirsengsrom etter utskriving. Presset på eldreomsorga auka i viss grad. Meir krevjande å gi naudstynte tenester i heimen. Pasientar blir i for stor grad reinnlagde på sjukehus. Sjukare pasientar som krev meir kompetanse.

Førde:

Sjeldan eller aldri må ein legge pasientar på fleirsengrom etter utskriving. Presset på eldreomsorga auka i stor grad. Meir krevjande å gi naudsynte tenester i heimen. Pasientar blir i for stor grad reinnlagt på sjukehus. Ting fungerer betre ved planlagde innleggingar enn ved Ø-hjelp.

Gaular:

Ofte pasientar på fleirsengsrom etter utskrinving. Presset auka til ein viss grad. Lengre ventetid for å få plas på sjukeheim. Meir krevjande å gi naudsynte tenester i heimen.

Gloppen:

Av og til pasienter på fleirsengsrom etter utskrving. Presset auka til ein viss grad. Lengre ventetid for å få plass på sjukeheimen, Meir krevjande å gi naudsynte tenester i heimen.

Gulen:

Sjeldan eller aldri pasientar på fleirsengsrom etter utskrving. Presset auka i liten grad.

Hornindal:

Forekjem alltid eller ofte at pasientar må på fleirsengsrom etter utskrving. Presset auka i stor grad. Overbelegg på sjukeheimen. Lengre ventetid å få plass. Meir krevjande å gi naudsynte tenester i heimen. Pasientar får ikkje ei tilfredstillande oppfølging etter utskriving. Auka press på tilsette. Meir sjukmeldingar og overtid. Store økonomiske følgjer. Klagesak.

Pasient måtte bu her i over ein månad

UVERDIG? Mellombels pasientar blir plassert på det som eigentleg er eit toalett på omsorgssenteret i Hornindal.

Foto: Heidi Lise Bakke

Hyllestad:

Må av og til legge pasienter på fleirsengsrom etter utskrving. Til ein viss grad auka press på eldreomsorga. Meir krevjande å gi naudsynte tenester i heimen. Merkast og med auka press i heimesjukepleien. I periodar merkast det og godt med auka press ved institusjonen.

Høyanger:

Har i 2014 hatt ledige langtidsplassar store delar av året, og under 70 prosent belegg på korttidsplass. Heile 2014 har vore utan overbelegg og pasientar på fleirsengsrom.

I 2013 hadde ein ved eit par høve pasientar på fleirsengsrom.

(Artikkelen er oppdatert for Høyanger sitt vedkomande, etter at kommunen tok kontakt med NRK Sogn og Fjordane. I rapporten frå Helse Førde og KS blir det meldt om at kommunen har hatt overbelegg på sjukeheimen, og at det er meir krevjande å gi naudsynte tenester i heimane. Men kommunen seier dette er basert på tilfeller i 2013, og at dei ikkje hadde overbelegg i 2014.)

Jølster:

Må av og til legge pasientar på fleirsengsrom etter utskrving. Merkar til ein viss grad auka press i eldreomsorga. Overbelegg på sjukeheimen. Lengre ventetid for å få plass. Meir krevjande å gi naudstynte tenester i heimen.

Leikanger:

Sjeldan eller aldri pasientar på fleirsengsrom. Til ein viss grad auka press i eldreomsorga. Overbelegg på sjukeheimen. Lengre ventetid. Pasientane får ofte ikkje ei tilfredstillande oppfølgjing etter utskriving. Kvaliteten på rehablitering har blitt svekka.

Luster:

Må alltid eller svært ofte legge pasientar på fleirsengsrom etter utskriving. Opplev til ein viss grad auka press. Meir krevjande å gi naudsynte tenester i heimen.

Luster kommune har i ettertid presisert til NRK at rapporten frå KS og Helse Førde har fått inn ei feilregistrering av bruken av fleirsengsrom for korttidspasientar. Kommunen seier dei sjeldan eller aldri må legge pasientar på fleirsengsrom. Kapasiteten ved sjukeheimen er god.

Lærdal:

Sjeldan eller aldri pasientar på fleirsengsrom. I liten grad auka press.

Naustdal:

Ofte pasienter på fleirsengsrom etter utskriving frå sjukehus. Til ein viss grad auka press. Lengre ventetid. Meir krevjande å gi naudsynte tenester. Pasientane fåt ofte ikkje ei tilfredsstillande oppfølgjing etter utskriving.

Selje:

Alltid, eller svært ofte pasientar, på fleirsengsrom etter utskriving frå sjukehus. I stor grad auka press på eldreomsorga. Overbelegg på sjukeheimen. Lengre ventetid for å få plass. Meir krevjande å gi naudsynte tnester i heimen. Pasientane får ofte ikkje ei tilfredstillande oppfølgjing etter utskriving.

Sogndal:

Alltid eller svært ofte pasientar på fleirsengsrom etter utskrving frå sjukehus. I stor grad auka press. Lengre ventetid for å få plass på sjukeheimen. Meir krevjande å gi naudsynte tenester i heimen.

Solund

Sjeldan eller aldri pasientar på fleirsengsrom,. I liten grad auka press.

Stryn:

Alltid eller svært ofte må pasientar på fleirsengsrom etter utskrving. I stor grad auka press på tenestene. Overbelegg på sjukeheimen. Pasientar blir i for stor grad reinnlagd på sjukehus.

Vik:

Har ikkje svart på undersøkinga.

Vågsøy:

Ofte pasientar på fleirsengsrom etter utskriving. Til ein viss grad auka press på dei kommunale tenestene. Overbelegg på sjukeheimen. Lengre ventetid for å få plass. Pasientar blir i for stor grad reinnlagd på sjukehus

Årdal:

Sjeldan eller aldri pasientar på fleirsengsrom etter utskriving. Til ein viss grad auka press på dei kommnuale tenestene. Meir krevjande å gi naudsynte tenester i heimen. Pasientar blir i for stor grad reinnlagd på jsukehus. Reformen krev betre legeoppfølging, men legane har fulle lister og lite tid til dei som skal ta kontakt med fastlege.

.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser